Kafe-liv på Klokkarvik

KAFÈ- LIV PÅ KLOKKARVIK.

Av Jarle Sælensminde.

For få år sidan, stod eg ein fin vårdag nede på moloen.  Fire menn i kvar sin kajakk kom padlande nordover.  Ved Daganeset svinga dei inn og fann seg ein plass ved bryggjene i båthamna.  Eg rusla bort til dei for å slå av ein prat. Det synte seg at dei var frå Skottland, og hadde leigd seg kajakkar i Haugesund.  Denne dagen hadde dei padla frå Stord.  Det meste av turen hadde dei hatt motvind, så no var dei slitne.  Då dei såg Klokkarvik frå sjøen, med alle husa, sjukeheimen, gamlebanken og kyrkja trudde dei at dette var ein ”landsby”.  Spørsmålet var då sjølvsagt:  Kvar ligg puben?
Eg måtte då forklara at rett nok bur her ein god del folk, men kafè eller pub har vi nok ikkje.
Dei undra seg over dette.  Korleis kan så mange menneske bu så konsentrert utan at dei har ein einaste stad å møtast over eit glas øl eller ein kaffikopp?
Om eg kunne forklara dei vegen til neste ”landsby”?
Beklagelegvis:  Eg kunne heller ikkje hjelpe dei å finne eit alternativ innan rimeleg padletid.
Men det har vore kafè på Klokkarvik tidlegare.  Det skriv Johannes Høyland om i stykket som følgjer.   Kanskje er det på tide å få igang ein liten liten kafè igjen?  Vi treng møteplassar.  No for tida set vi oss i bilen og køyrer alle andre stader.  Korleis kan vi då bli kjende med folk?

Dette skriv Johannes:

BRUSHYTTO

Folk har kanskje lagt merke til ei lita hytte nedanfor huset til Ragnhild Tyssøy, rett ovanfor naustet i ”Posten”.
Hytta er firkanta med spisst tak, omtrent som ein liten musikkpaviljong i ein park i byen.  Det er, eller var,  små firkanta ruter på tre sider av hytta.  Døra er på baksida.

Foto: Jarle Sælensminde
Foto: Jarle Sælensminde

Dette var Brushytto.
Hytta var laga av Ole Tyssøy og Johannes Nygård.  Desse to laga og likkister på naustet i Bakarsjøen (Nordekaien).
Dette var ein gong på siste del av 30- talet.  På den tida gjekk ikkje  vegen ( som no er fylkesvegen) lenger enn til Reset, der avkjørselen til Solhaug no er.
Brushytto vart fort ein samlinsstad for ungdommar heilt frå Høyland,  Førde og Børnes.  Fiskarar som kom med båtar til kaien, måtte og oppom.

Under krigen var unge tyske soldatar frå Whermarcht også kundar.

Av dei faste kundane kan vi nemne ”Blindemonsen” frå Børnes.  Han vart seinare organist i Sund kyrkje.  Og så hadde vi Edvard Høyland i sin kvite ullgensar,  alltid leiande på ein sykkel.  Den sykkelen, av merket ”Diamant”,   var heller litt spesiell.  Den hadde vore utsett for så mykje sabotasje, som punktering og fjerning av ventilar, at Edvarden hadde fjerna gummislangen og lagt inn manillatau av høveleg tjukkelse.

Foto: Jarle Sælensminde
Foto: Jarle Sælensminde

Hytta var berre open i helgene.  Då kom Birgitt Tyssøy, bestemor til Reidunn Høyland, heim med ny forsyning snop av ymse slag.
Det eg hugsar best, var Fox karamell og dei sjølvlaga risbollane.  På 17. mai var det pølser og is også.
Det var ikkje berre i Brushytto ein kunne kjøpa snop.  Oppe hos Absalon og Magda Lerøy (der no Torgeir Børnes bur), var det laga til kafè.  Det var i søre kjellarstova.  Hervar det fleire bord med raude og kvite ruter.  Her kunne ein kjøpa kaffi, vaflar og snop.

Reidun Høyland som lita jente utenfor Brushytto
Reidun Høyland som lita jente utenfor Brushytto

Noko seinare var det og kafè hos Opseth.  Den siste kafèen var hos Aslaug Neverdal.