Elektrisiteten

Mykje lys og mykje varme…

Tekst og illustrasjoner: Jarle Sælensminde

Fram til 1949 var det nesten ingen som hadde elektrisk lys eller varme i heimane sine her i Sund. Ein nytta parafinlampar for å få nok lys, og ein fyrte med ved eller torv for å få varme. Torv var nok det vanlegaste her ute ved havet, for før var her lite skog.
Elektrisiteten kom først til byane, rundt år 1900. Men interessa for å få til el-forsyning kom også til Sund etterkvart.
I 1914 gjorde heradstyret framlegg om å få heim ein ingeniør for å sjå på vassdrag som kunne egna seg til elektrisk kraftverk.  Mellom dei var Skogsvatnet, Dommedalsvatnet og Lensmannsvatnet.  Rapporten hans var ikkje oppløftande.  Der var nok for lite vatn og fallhøgde om det skulle verta meire kraft enn berre til lys.

Fleire kommunar gjekk etterkvart saman for å få til utbygging i Bergsdalsvassdraget, men det vart frykteleg dyrt.  Sund måtte trekkje seg,- dette hadde ein ikkje råd til.

Kraftverket i Mørkelia. Tegning: Jarle Sælensminde
Kraftverket i Mørkelia. Tegning: Jarle Sælensminde

Etterkvart fekk ein likevel til eit ”elektrisitetsfond”, som vaks smått om senn. Etter krigen var dette grunnlaget for å få vere med i BKK og starte utbygginga av eit el-nett i Sund. I perioden 1947 til 50 vart det bygd liner til alle bygdene i kommunen,og forbruket auka raskt.
For nokon hadde det vore lenge å venta på dei nye tidene. Både på Glesvær og Døsjerholmen hadde dei små motoranlegg, og på Golta var det eit vindmølleanlegg.  Lærar Grimstad, som elles var formann i utbyggingsnemnda for elektrisiteten, hadde sjølv eit privat vindmølleanlegg.
Her på Klokkarvik bygde dei seg eit lite kraftverk frå Sundsvatnet og Lensmannsvatnet.  Det var i full drift frå 1934 og var på 12 KW.  Lensmann A.L. Vassenden gjekk i spissen for dette.
Først kom demningen i Sundsvatnet.  Ein oppdaga fort at her ikkje var nok vatn til skikkeleg drift.  Difor gjekk ein i gang med å demme i opp Lensmannsvatnet også,  for så å føre vatnet derifrå over til Sundsvatnet.
Olav Stølen (f. 1920) var med å byggje dette kraftverket. Her fortel han noko av det han opplevde:

Olav Stølen fortel.

I tida før eg var konfirmert, hadde eg stundom arbeid hos lensmannVassenden. Han hadde ein jordbæråker der eg luka ugras.
Det året eg gjekk for presten, kom han til meg og spurde om eg ville ha arbeid med å hjelpe dei som murte demning i Lensmannsvatnet.  Eg skulle få god løn,- 60 øre timen! Det var skikkeleg betaling i den tida, så eg slo til.  Eg starta arbeidet ein flott vårdag i 1935.
Då var kraftverket ved Sundsvatnet alt i drift.  Det fungerte bra når det var mykje regn.  Men sjølv etter kort tørkeperiode, vart det for lite vatn.
Frå Lensmannsvatnet renn vatnet i Aurebekken ned sør for Laksen.  No tenkte ein seg å demma opp, og  laga ny renne til Sundsvatnet i staden.

 

Ola Stølen. Tegning: Jarle Sælensminde
Ola Stølen. Tegning: Jarle Sælensminde

Mi oppgåve var å bera sement opp til enden av Lensmannsvatnet.
To karar var hyra inn for å mura stemmegarden.  Det var Ragnvald i Laksen og Hans Stordal, begge var kjende for å vera flinke til å mura.  Stein fann dei i nærleiken, i ei ur der det framleis er mykje att.  For å få steinen fram og på plass, brukte dei stubbebrytar.  Mange av steinane var skikkeleg store.
Sementen kom med båt til kaien ved Bakarsjøen.  Derfrå skulle sekkane berast opp Bessadalen, forbi Sundsvatnet og opp til murarane.  Det er temmeleg langt.
Eg var sterk den gongen, så eg kvidde meg ikkje.
Det var ikkje første gongen eg hadde hatt tungt arbeid.  Alt då eg var 13 fekk eg min første murarjobb saman med onkelen min.  Vi skulle lage grunnmur til ei hytte.  Onkel hadde avtala fast betaling,- 500 kr.  Vi arbeidde hardt og effektivt.  Då vi var ferdige, rekna vi ut at vi hadde klart ei timeløn på 83 øre.  Det var kjempebetaling, så eg fekk beskjed om ikkje å seie det til nokon.  Dei kunne tru vi hadde vore grådige.

Men sementsekkane var frykteleg tunge, 56 ¼ kg! For å forstå kor tungt dette er, kan du prøve å bere ei vaksen dame på ryggen den same strekninga.
Eg hadde knapt sett sement før, og visste ikkje  heilt kva eg skulle gjere.  Etterkvart fann eg eit tau som eg tok rundt sekken.  Slik klarte eg å halde den på ryggen.  Jammen vart eg sveitt!  Og pausar måtte eg ta.
Slik bar eg sement og sand i tre dagar.  Då såg dei to murarane at dei måtte ha meir berehjelp.  Ein mann til vart hyra inn.  Denne mannen hadde eigentleg sett kor eg sleit på dei tunge sekkane, for han budde like ved.  No sa han til meg: ”Du Olav, du må ikkje ta heile sekkar!”
Frå då av delte vi sekkane i to.  Då gjekk det greiare å bere.
Litt og litt vart demningen ferdig.  Den har mur på begge sider.  Inni midten er det hardstampa jord og stein, slik at demningen skulle vere tett.  I botnen er det ei luke til å sleppe vatnet ut.  Det er støypt ei renne over toppen, slik at det rann over der om det vart fullt.
Murarane sparde mykje på sementen.  Den var dyr.  Stein, jord og arbeidskraft var billigare.
I myra litt lengre nede, la dei stein og torv tvers over Aurebekken.  Slik fekk dei vatnet til å renna ned i Sundsvatnet i staden.
Men her gjorde dei nok ikkje skikkeleg arbeid.  Om dei slapp mykje vatn nedover, for både stein og torv avgarde feil veg.
Det var bare seks familiar som fekk straum frå verket.  Prosjektet var dyrt, så det var nok dei med pengar som kunne vere med på det.

 

Demning ved Lensmannsvatnet. Foto: Tore Bjørn Viksøy
Demning ved Lensmannsvatnet. Foto: Tore Bjørn Viksøy

Så vidt eg veit var det desse som var medeigarar:  Olsen (Som dreiv handel i Bakarsjøen), doktoren (som eg trur heitte Haikes og var frå Polen, presten (Juvik), lensmann Vassenden og butikkeigar Ingebriktsen som hadde forretning ved fergekaien.  Eg er usikker på om også lærar Skodvin var med.
Dei hadde sikkert ikkje til anna enn lys.  Når det var tørkeperiodar, måtte dei rasjonere.
Kristen Bø, som var paktar på prestegarden, passa på kraftverket og gjorde vedlikehald.  Minka det på vatnet, måtte han gje beskjed om rasjonering.
Etterkvart som forbruket auka, sank gjerne spenninga.  Eg trur ikkje dei alltid hadde betre lys enn vi som brukte parafinlampe.

Sjølve kraftverksbygningen var murt i stein.  Eg trur det var Ragnvald og Hans som bygde det også.  Det låg der vegen no går,- like nedanfor Liavegen.  Dei reiv det då fylkesvegen kom.  Restene etter tre-røyret kan ein framleis sjå.  Det hadde ein diameter på omlag 40 cm, og var laga av tre-stavar.  Mellom kvart jarnband var det 13 cm.
Etter mitt syn var ikkje kraftverket særleg vellukka.  Det var for lite vatn og for lite fallhøgde.

Parti frå Lensmannsvatnet. Foto: Tore Bjørn Viksøy
Parti frå Lensmannsvatnet. Foto: Tore Bjørn Viksøy

Olav Stølen budde på garden Stølen ved Sundsvatnet. Han fortel litt om livet der:

Gardsbruka her ute var ikkje til å leva av.  Far måtte ha arbeid i Bergen i tillegg. Det gjekk ikkje å reisa til arbeid kvar dag, så han var vekke heile veka.  Om laurdagen kom han heim med rutebåten og reiste att søndag ettermiddag.

Mor måtte gjere det meste av arbeidet på garden.  Eg måtte sjølvsagt hjelpe til.
Då eg var 10 år, fekk i oppgåve lage grøfter i myra.  Det er der som fylkesvegen i dag går,- på begge sider av den.  Det var tungt arbeid.  Når grøftinga var ferdig, kom formannen i jordstyret for å sjå.  Han målte opp grøftene mine,- kor lange dei var og om dei var breie og djupe nok.  Så rekna han ut kor mykje vi skulle få i tilskott.  Den gongen var det viktig å få til nydyrking i landet vårt.
Vi hadde 4 kyr på det vesle bruket.  Det var sjølvsagt i meste laget.  Ut på våren gjekk vi stundom tom for høy.  Då måtte vi kjøpe frå byen.  Det kom i store, hardpakka høyballar som vog 83 kg.
Første gongen eg skulle bere ein slik opp Bessadalen og heim, klypte eg over strengane og ville ta del for del.  Men då eg gjorde det, vart det eit salig rot.  Tørrhøyet delte seg utover og var vanskeleg å bere.
Etterkvart fann eg ut at eg ville bere heile høyballen i eitt.  For å få det til, måtte den liggje på tvers på ryggen.
Den gongen var det mykje busk og kratt opp Bessadalen. Høyballen rende seg borti heile tida.  Det var eit blodslit. Men eg klarte det, og var mektig stolt.

Parti frå Sundsvatnet ved Stølen. Foto: Kristin B Viksøy
Parti frå Sundsvatnet ved Stølen. Foto: Kristin B Viksøy

I fritida gjekk eg ofte opp og langs etter elva frå Sundsvatnet.  Vi såg etter aure.  Det gjekk stor sjøaure opp der.  Den kunne vi fiska, eller helst fanga med håv eller med hendene.  Heilt oppe ved vatnet var der ein kulp der dei henta vatn i tørre periodar.  Ein kveld eg gjekk oppover, høyrde eg plasking oppe i kulpen.  Vel framme såg eg det var to store sjøaurer som gytte.
Då kraftverket kom, forsvann sjøauren.  Der var ikkje nok vatn att i bekken. Det var frykteleg trist.
Far ville at vi skulle selje garden og flytte til byen.  Det var for tungvindt å leve slik.   Mor ville gjerne vere med til byen, men ho ville ikkje selje garden.  Ho var for sterkt knytta til garden og bygda.
Det vart til at vi fekk sett opp det huset der eg no bur.  Slik kunne vi reise ”heim” i helg og fritid.
Hans Stordal (Hans i dalen) , muraren, fekk seinare tomt av far like bortafor her.
Kona hans var krank og kjende seg isolert og einsam i Stordalen når mannen var vekke på arbeid heile veka.