KVAR VART DET AV KRAFTVERKET ?
Jarle Sælensminde.
Eg har fått spørsmål om kvar det vart av kraftverket. No, like før årsskiftet 2009/2010, har eg dette svaret: (Når året er omme, er svaret kanskje eit anna.) Då Sund etterkvart fikk straum utanfrå via kommunalt kraftlag, var det ikkje lenger aktuelt å drive det vesle kraftverket ved Sundsvatnet. Sjølve bygningen forsvann då dei bygde fylkesvegen vidare nordover. Kraftlaget tok seg av utstyret som var der.
For nokre år sidan, då Sotra Kraftlag vart seld til BKK, fekk eg telefon frå ein av dei tilsette i Bildøybakken. Han var med på rydde- og flyttesjau. Alt skulle visstnok ut frå lageret, og det som ikkje kunne brukast, skulle kastast.
”Du, eg har ein gammal, rusten generator ståande her”, sa mannen.
”Den er frå kraftverket på Sund. Kva kan vi gjere med den?”
Eg hadde ikkje andre idear enn at dei kunne ta den med seg hit til Klokkarvik, slik at vi fekk tid til å tenkje oss om. Slik blei det.
Etterkvart tok eg kontakt med Sotra Vidaregåande skule. Tanken min var at generatoren kunne plasserast der, litt som ein skulptur, og at den fikk ei fin plate med tekst som fortalde historia bak. Slik kunne denne fliken av Sund si historie forteljast vidare. Vi veit at oppdemminga av Lensmannsvatnet hadde mykje konfliktstoff i seg, som skapte ugreie i tilhøvet mellom folk frå Skogsvåg og ”øvrigheita” i Klokkarvik. Om det skulle vere noko att av dette, kunne kanskje plassering i vidaregåande skule i Skogsvåg bli den endelege forsoninga? Kva veit eg?
No er generatoren,etter mykje strev, frakta bort i garasjen til Alfred Vedå. Han tok på seg oppdraget å pussa den opp til opprinneleg stand og farge. Sotra Vidaregåande har stadfesta at dei vil finne plass i avdelinga i Sund. Dei sette Åge Hummelsund på saka. Han er sjølvsagt rett mann til det, for han kjenner historia betre enn meg og ville involvere elevane i arbeidet.
Så snart Alfred er ferdig med sin jobb, tek Åge over. Vona er at generatoren er riktig plassert, på riktig stad og skinande nyoppussa innan 2010.
Det eine dreg med seg det andre. Slik også med denne saka!
Eg fortalde Ingemund Midttveit om generatoren. Han var i mange år leiar i Rådet for Sotra Kraftlag, og er oppteken av lokalhistorie. No fekk han ideen å også redde den store turbinen frå Kårtvedt i Fjell, som enno står i Bildøybakken. Den er for stor til å plasserast på Sotra Vidaregåande skule.
Vi kom då fram til at Sartor senter er rette staden. Ingemund snakka med Einarsen i eigargruppa, og fekk OK derifrå. Deretter involverte vi Sverre Dinessen, tidlegare sjef i Sotra Kraftlag. Han ordna med løyve frå BKK, og truleg med finansiering av flyttinga.
Alt dette gjekk veldig fort!
No arbeider vi med å få firma til å ordne det praktiske med flyttinga av den store turbinen. Så den er nok òg på plass i 2010.
Men dette var altså ikkje VÅR turbin.
Kvar det vart av Sund- turbinen, det veit eg ikkje.
Kanskje er det andre som veit meir? Skriv eller ring og fortel det du veit.
Det er elles fint om lesarane varslar oss om dei finn faktfeil, eller vil rette på ting vi skriv. Då er det veldig fint om vi får beskjed! Eg er bare ein skarve innflyttar.