Korndyrking i Sund

VÅRT DAGLEGE BRØD.
Litt om kverner og korndyrking i Sund.
Jarle Sælensminde.

Vi veit at det har vore fleire kvernhus her i vår krins.  Det var eit ved Førdestraumen, i elva frå Høylandsvatnet.  Eit anna var på Førde, eit mellom Børnesvatnet og Førdesvatnet og det seiest at det også var ei kvern i Vestrevågen like ved skulen.  Prestegardskverna låg ved bekken frå Sundsvatnet

Tegning: Jarle Sælensminde
Tegning: Jarle Sælensminde

Sund har tradisjonelt vore ein fiskeri og jordbrukskommune. Les vi i bygdebøkene våre, står det mykje å lesa om fiskeri, men nesten ingenting om jordbruket. Det er underleg, for det har då vore mykje oppdyrka jord også her. Mat frå jordlappane har vore viktig her, som andre stader. Korn, poteter, kjøt, egg og mjølk var med i det daglege kosthaldet før som no.
Forklaringa er kanskje enkel. Det var mannfolka som dreiv fisket. Dei hadde ansvar for båtar og reiskap. Jorda, kua, sauene, hønsene og åkerlappane var det gjerne kvinnfolka som stelte med. Dei som skreiv bygdebøkene var også menn. For dei var det nok meir interessant å skriva om dei store fiskeria. Og det er nok historia om fisket som er det mest spennande. Men i det daglege, på matbordet, var nok også mat frå jorda viktig.

Om ein går hundre år tilbake i tid, var vanleg mat graut, fisk og poteter. Det var lite kjøt. Poteta kom ikkje i bruk før ca. år 1800. Brødmaten var laga av havre og poteter. Dette måtte steikast, gjerne på ei steikehelle. Der steikte dei potetkaker og flatbrød. Lefser steikte dei òg, men det var til høgtidshelgene. Då hadde dei gjerne smør og sukker på. Sild og poteter var vanleg både til middag og kvelds. Og sjølvsagt graut! Til frukost og nons åt dei mykje potetkaker.
Eg er usikker på når det vart vanleg med gjærbakst (og kjøpt kveitemjøl) til måltida for folk flest.
Så det vart dyrka korn i heile Sund, heilt fram til etter krigen. Det var altså mest havre dei sådde. Og åkerlappane var små. Årsaka var enkel: Oftast hadde dei bare husdyrgjødsel nok til åkrane, ikkje til marka. Når dei flytte åkerlappane frå år til år, vart grasvoksteren også betre på mark der det før hadde vore åker.

Kornet sådde dei kring 20. april. Skjeringa begynte rundt Larsok (10. august). Dei skar med sigd, og etterkvart som dei skar, batt dei kornet i band. Det var eit fang med korn som dei batt saman og sette opp på staur til tørking. Deretter bar dei det i hus. Seinare vart kornet treska for å slå kornet ut av aksa.

 

Illustrasjon: Jarle Sælensminde
Illustrasjon: Jarle Sælensminde

Så måtte kornet såldast.  Det gjorde dei med eit kar med små hol i botnen.  Når dei rista såldet, fall kornet gjennom, mens halm og anna rusk vart liggande att i såldet.  Men framleis var der mykje rusk og rask som måtte fjernast.  Då  tok dei i bruk eit drøftetrau.  Det er ei tre-trau som ikkje er djupt. Så slengde dei kornet opp i lufta.  Agnene, som var lettast, fòr utom kanten, mens kornet vart liggande att.

Tegning: Jarle Sælensminde
Tegning: Jarle Sælensminde

Kornet måtte vere heilt tørt før dei kunne male det.  Då tok dei ei stor gryte og fylte den godt opp med korn.  Deretter fyrte dei opp under gryta.  Kornet skulle varmast og tørkast, men ikkje så mykje at det vart svidd, så ein måtte røre heile tida, gjerne i  eit par timar.

Tegning: Jarle Sælensminde
Tegning: Jarle Sælensminde

 

Så hadde dei kornet oppi tønner eller sekkar.
Til sist måtte kornet malast. Til det brukte dei gjerne ei handkvern. Det er to runde steinar som ligg oppå ein annan. Den underste låg fast, den andre vart dreidd rundt med eit handtak.
Eller så tok dei kornsekken med til vasskverna. Som sagt var der fleire slike kverner her i vår krins.
Det å skaffe sitt eige mjøl kosta altså særs mykje arbeid.

Kverna ved Førdesvatnet var i bruk fram til mellom 1925 og 1930.  Seinare rodde dei heller til mølla på Flesland med kornet sitt.

Georg Larsen f. 1895 (far til Annemor Børnes, onkel til Hildborg Dalen) fortalde for mange år sidan til Gurli Skodvin om kvernhuset ved Sundsvatnet.  Det låg eit stykke nedanfor der stemmegarden no er.  Bekken frå Ormadalen var lagt i to løp, det eine førte vatn til kvernkallen.  På denne kverna kunne ein male to tønner korn på eit døgn.

Tegning: Jarle Sælensminde
Tegning: Jarle Sælensminde

I den gamle tenarstova på prestegarden var der tørkeomn for korn.  Han minnest  åkerlappar med korn i Bessadalen (Namnet kjem eigentleg av beist = husdyr/ku, altså Beistadalen)

Dei mest synlege restane etter kvernhus ligg ved bekken frå Børnesvatnet ned mot Førdesvatnet.  Der har eg fleire gonger hatt med meg elevane mine for å vise dei stemmegarden, grunnmuren og kvernsteinane.  Det er ein spennande tur for alle interesserte.  Tenk om denne kunne bli  bygd opp att!

No er havregrauten moderne igjen, fordi den er så næringsrik.  Men så er det òg adskilleg lettare å  finne fram ein pose lettkokte havregryn frå skuffa enn alt det strevet dei hadde før.

 

 

 

Kjelder:  Arne Asphaug/Olav Toft.

Gurli Skodvin sine notatar.

Mrk!  Vi vil veldig gjerne at du som les dette vil hjelpe oss.  Sei ifra om vi skriv noko som er feil, eller om du har fleire opplysningar.  Skriv eller ring til Gurli Skodvin, Johannes Høyland eller til meg.