SAFT – KVEN ER VI?

Saft-logo

KVEN ER VI?
SAFT står for Sund Aktivitet- og FleirbruksTun, og er drive av frivillige lag, organisasjonar og privatpersonar. Vi ønsker å legge til rette for ein møtestad som fremmar fellesskap og der nettverk vert skapte.
KVAR ER VI?
SAFT er lokalisert til gamle Sund skule, Sundvegen 1709, Klokkarvik. Det er busstopp i hovudvegen rett utanfor bygget, så vi er lette å finne om du kjem langvegs frå.

skulebygget
SAFT – Sund Aktivitets- og fleirbrukstun, aug 2025 TKS

 

 

 

 

 

KVA DU KAN VERE MED PÅ
– KFUM/KFUK Toftarøy speidarar
– Folkeakademiet Klokkarvik
– Sund E-sport
– «Sprudlende damer med stive pinner»
– «Suppe og sang»
– Seniorkafé
– Sund Røde kors
– Ull -og tekstilrom
– Vevstove
– «Brukt og nytt»; sal av brukt og nytt
– Ulike kurs, t.d. matlaging, handverk, graffiti, mm.
– Konsertar, føredrag, dans
– Trillekafé
– Turgruppe
– «Tjukkasgjengen»
– Redesign
– Musikkrom
– Marknad/middagsservering
– Leige av kontorplass (bygget har wifi)
– Kva har du lyst til?

Det er plass til eit breitt spekter av aktivitetar og arrangement kvar dag, og frå føremiddag til kveld. Bygget har fleire rom på bakkeplan og løfteplattform for rullestolbrukarar som skal delta på aktivitetar i andre høgda av bygget.
Ta kontakt dersom du har lyst å setje i gang med noko og/eller har spørsmål! Epost: Kolsrudtone@gmail.com

KVIFOR GJER VI DETTE?

Mange har sakna ein stad der dei kan sysle med aktivitetar i fellesskap, og fleire lag og organisasjonar har opplevd å miste lokala sine, eller må rydde seg opp og ned for kvart møte, slik at mykje tid forsvinn i rigging. Det bur mykje verketrang i folk i Sund, og difor treng vi eit slikt tun. Vi finn støtte for tankane våre både i tilbakemeldingar til prosjektet, men også i dei vedtekne kommuneplanane.

ØYGARDEN KOMMUNE HAR VEDTEKE
– å gjera det enkelt å vera frivillig i Øygarden. Gode rammevilkår, innbyggarinvolvering og systematisk samarbeid med frivillige organisasjonar og lokalsamfunna er viktige satsingar.

VINN-VINN-VINN MED FLEIRBRUKSTUN
Gamleskulen på Klokkarvik vil bidra til at kommunen kan innfri målet med å skape gode rammevilkår for innbyggarinvolvering, samarbeid med organisasjonar, og satsing på lokalsamfunn mellom anna fordi:
1. Eit nærmiljø med rik på sosial kontakt mellom innbyggarane er ei investering i folkehelse! (Berre spør ein forskar!)
2. Frivillige lag og organisasjonar treng stabilitet gjennom å få fast «bustad» og eigne rom. Då vert det lettare å drifte aktivitet, og det vert lettare for interesserte å finne tilboda. (Berre spør eit frivillig lag/organisasjon!) Då kan robuste nettverk skapast, som igjen gjev gode vilkår for å dyrke innanforskap og bulyst på tvers av generasjonar. Dette er viktig for alle, ikkje «berre» nytilflytta og dei som er einslege.
3. Kommunen har sett seg som mål at innbyggarar skal kunne bu heime så lenge dei ønsker det. Då må nærmiljøa tilby sosiale arenaer som gjer at ein kan møte kvarandre på tvers av alder og interessar. Det bidreg til at det vert trygt og meiningsfullt å bu heime.

SAFT tek sikte på å vere et aktivitets- og fleirbrukstun som fremmer bulyst, fellesskap og GOD FOLKEHELSE, på tvers av generasjonar og interesser: på Klokkarvik, i Sund og heile Øygarden.