DÅ DET VAR KOLLEKTIVBRUK PÅ KLOKKARVIK.
Jarle Sælensminde.
”Katt og kaniner og en eng med løvetann”.
Tidleg på syttitalet var det stor tilflytting til Klokkarvik i dei nye byggjefelta. Dette med byggjefelt var noko heilt nytt i Sund, og mange var skeptiske. Kven er no alle desse folka som vil ut hit på landet? I kommuneadministrasjonen hadde dei til dømes lite tru på at eg verkeleg hadde tenkt å bu her fast. Dei ville ha det stadfesta skriftleg slik at eg ikkje skulle finna på å nytta huset til feriestad.
Så viste det seg etterkvart at dei folka som kom hit ikkje bare var skumle bergensarar, men var frå ulike delar av landet. Dei oppførde seg om lag som dei innfødde, og nokre av dei var faktisk hyggelege og til dels intelligente. Felles for dei var kan hende ein draum om det gode liv på landet. Katt og kaniner og kollektivtenking var inne i tida.
Hageberg og Edens kollektivbruk .
Laurdag 25. januar 1975 kl. 10 kalla presten Ingvard Hageberg inn til møte på Sund skule. No skulle det etablerast eit kollektivbruk på prestegardsjorda, som lenge hadde lege brakk. Sju sjelar møtte. Det var Dåvøy, Bungum, Flygt, Taule, Johnsen og Lied. Om det var Hageberg som var initiativtakar veit eg ikkje, det kunne vore kven som helst av desse sju. Alle desse viste seg å vera initiativrike, og har gjort aktiv innsats for samfunn og fellesskapløysingar. Gunnar Lied var den som eit par år seinare var første formann i Båtlaget, og også velforeininga.
Hageberg vart vald til kontaktmann for kollektivbruket, og Arne Dåvøy vart forretningsførar. Her var det skikk på tinga! Gunnar Lied fungerte som sekretær. På første sida i den nye, tjukke protokollboka skreiv han: ”Denne boken, som inneholder 196 paginerte sider, autoriseres herved som møte og arbeidsprotokoll for Prestegarden Kollektivbruk”. Gunnar var militærmann!
Kontingenten skulle vera 20 kr for året.
Folk kunne etter dette be om ein åkerteig på frå 100 opp til 500m2. Dei første jorddyrkarane valde 200 eller 300 m2. G. Tellnes fekk i oppdrag å pløye og harve 4 mål av dei gamle, attgrodde åkrane. Så dei fekk gjort gode vedtak på dette første møtet.
Potetdyrking.
Heilt tilfeldig fekk eg for mange år sidan i oppdrag å ta vare på den gamle protokollen for kollektivbruket. Verksemda gjekk fram til 1979 då ei heller dramatisk hending gjorde sitt til at interessa slokna. Kva dei forskjellige dyrka det første året (1975), veit eg ikkje. Det går ikkje fram av protokollen, men året etter går det fram at Hageberg tinga 400 kg settepoteter til kollektivet for levering i april månad. Gartnerhallen leverte kontrollerte såpoteter med full garanti, og med returrett om ein ikkje var nøgd ”utan kostnad for Dykk”. Prisen var ikkje avskrekkande,- kr. 2,25 pr. kg inkl. moms. Så det ser ut til at det var potetdyrking det gjekk i det året.
Dette andre året vart det også vedteke å ta inn nye medlemer, som rett nok vart oppmoda om å skipa sitt eige åkerlag. Så ny jord vart pløygd og harva.
Fleire kollektivbønder kom til.
Fleire flytta til bygda, og interessa for å vera med i dette felleskapet var stor. På møtet 24. april 1976 møtte nye folk: Mathisen, Lokøy, Nilson, Viksøy og Sælensminde. Sistnemnde vart formann og Taule vart ny kasserar (det heitte ikkje lenger forretningsførar).
Alt no hadde ein nok oppdaga at hjorten også er glad i poteter. På dette møtet vart det vedteke å gjerde inn parsellane. Ein fekk løyve til å hogga gjerdestaur gratis i prestegardskogen, og arbeidet skulle gjerast på dugnad. Håkon Landro fekk i oppdrag å pløya og fresa ny jord, og kalk vart tinga gjennom Lions. Gjødsling måtte kvar og ein ta seg av sjølve.
Til gjerdestaur-dugnaden hadde Arvid Lokøy med seg motorsag, så ein fekk felt, kvista og drege på plass nesten 70 gjerdestaur, og seinare 15 til.
22.mai var det ferdig gjerde kring heile åkeren.
No hadde 13 familiar kvar sin åkerlapp der dei kunne dyrka kva dei ville. For ei lukke!!
1977, eit gullår for kollektivet.
I starten av året vart det sendt ut invitasjon til fleire til å bli parsell-eigarar. Våren 77 var mange nye blitt medlemer: Tennebekk, Aarset, Molvik, Glesnes, T.Rong, K. Madsen, Dyngeland, Vedå, Gunnarsen, Lidal, Klepsvik, Henriksen, Reuter, Flygansvær, Kristoffersen, Berge og Prestegård.
Gunnar Tellnes fekk i oppdrag å fresa opp ytterlegare 1400 m2 jord. Framleis var det gjerne poteter som var mest populært, og det vart kjøpt inn 300 kg settepoteter gjennom Gartnerhallen. Men no var det fleire som satsa på grønnsaker av alle slag, særleg kål. Willy Klepsvik leigde ut jordfresar for kr. 75 pr. dag. Den durte og gjekk, kveld etter kveld.
Årsmøtet den våren var i friluft,-ute på åkeren. Der valde forsamlinga Bernhard Flygt til formann medan kasserar Tor Taule tok attval.
Ein møteplass for store og små.
Kva som var motivet for all denne jorddyrkinga er uvisst. Nokon ville sikkert spare pengar, for grønnsaker var dyrt. Andre hadde nok ønskje om å bli kjend med dei nye naboane sine. Ein ting er sikkert: Arbeidet der opp på åkerlappane var til stor fryd for ungane, og til glede og nytte for dei vaksne. Der tok ein opp utfordringar i tida,- og det kom framlegg til gode løysingar. Kanskje det var der ein lufta tankar om å byggje barnehage i den gamle prestegardsløa? Var det der Kari Nilson kom på ideen om å byggja om gamleskulen til grendahus? Ein ting er sikkert: Det var stort sett den same potetgjengen som dette gullåret stifta Klokkarvik Båtlag. No var mange klare for matauk på sjøen og.
Flaum og kjøp av jordfresar.
Truleg regna det mykje den sommaren, for vatnet stod høgt i åkeren. Det vart eit dårleg år for potetene, – dei vart om lag så store som erter. Kålen klarte seg betre utover hausten. Vi hadde så mykje kål at vi ikkje visste vår arme råd kva vi skulle gjere med alt. Så vi delte ut til slekt og vener. Slikt vert ein ikkje rik av.
No viste det seg at hjorten også likar kål. Styret hadde kjøpt inn ekstra hesjestreng for å hindra at dyra hoppa over, men til inga nytte. Eg er sikker på at ryktet spreidde seg i heile skogen at her er det snaddermat for hjortedyr, for neste år vart eit katastrofeår for jorddyrkarane.
Hjort
1979 er siste året det vart skrive protokoll. Året etter sette dei fleste poteter som vanleg, og dei planta kål. Men hjorten viste seg tidleg. Derfor gjekk folk i gang å lage gjerdet høgare, og dei fekk tak i gammal not som dei strekte ut så høgt ein kunne. No kom ikkje hjorten inn, men dei prøvde etter beste evne å lage hol i gjerdet. Det klarte dei fleire gonger. I min jordlapp grov dei opp kvar einaste potet, og åt kvart einaste kålhovud.
Ein kveld på seinsommaren var det ein flott kronhjort som hadde vikla geviret sitt inn i nota og stod bom fast. Det var eit trist syn. . Der og då såg dei fleste av oss at det var uråd å ta opp kampen mot hjorten. 1980 vart det siste året med skikkeleg drift av kollektivet.
Den hausten gjorde eg krav på min del av haustjakta. Eg meinte at eg hadde fora dyra opp med dyrkjøpte settepoteter og grønsaker. Bare det siste året brukte kollektivet 46 sekkar med hønsegjødsel frå Felleskjøpet,- til inga nytte. Krava vann ikkje fram!
Kollektivet vart oppløyst.
Eg gav opp min parsell, og mange med meg. Men fleire ivrige sjelar dyrka poteter og grønsaker ei tid til. Kollektivet var likevel ikkje mislukka. Alle naboane var med, og samarbeidsånda frå den gongen har vart ved heilt til no! Det er kjekkare å arbeide saman enn å kava kvar for seg.