Johannes Høyland.
Heilt sidan eg var liten gut og kom med den gamle rutebåten Ternen, har eg undra meg over dette korset. Då synest eg det var både mystisk og spennande, ja, kanskje litt skummelt og.
Vi smågutane undra oss fælt på kva dette var. Teoriane var mange, og det var sjølvsagt ein og annan som trudde dei visste meir enn dei andre.
Nokon var sikre på at det var ein flygar frå England som hadde styrta her under krigen. At det hadde noko med krigen å gjera, det meinte vi måtte vera heilt sikkert.
Per Sannem, som bur i huset ovanfor korset, fekk dette papiret av bestefaren sin. Det forklarer at korset er reist til minne om en mann som blei borte på sjøen, og dreiv i land der, midt mellom moloen og Nordrevågen. Familien hans fekk reist eit kors der, som eit minne. Den norske oversettinga er det truleg bestefaren som står for:
1. trappetrinn
Til Guds ære og i kjærlig erindring om
ALEXANDER STUART
som blev borte paa sjøen om aftenen
d. 21. august 1909 og blev funden
udenfor dette sted d. 9. september 1909.