Minnesmerket «Mina» – Skuleneset Amfi

 

MINA ER EIT MINNESMERKE  om hendingar her i Lerøyosen 9.april 1940.

Men det er også eit merke for notida og framtida til bygda vår.
Oppe på mina er ei måke i ferd med å letta,- på veg ut mot sjøen. Den er eit symbol for optimisme. Den sentrale plasseringa i Lerøyosen, som er ein del av  Grøningasund, gjorde at Klokkarvik tidleg blei kyrkjestad og seinare senter i Sund. Sundet som gav namn til kommunen er framleis viktig. Dette er hovudleia for dei store skipa  Her er båtliv og fiske. Båthamna vår er møteplass. Vi er ei dugnadsbygd som har fått mykje til i lang tid.

Minnesmerket fortel viktig historie, men det peikar på det vi er takksame for: Fridomen vår og ein flott plass å bu.
 

Lerøyosen.

Lerøyosen er namnet på det breie sundet mellom Klokkarvik og Lerøyna.  Herfrå  går det ferge til Lerøy, Bjelkarøy og til Hjellestad. Den går mellom holmar og skjer, og turen er verkeleg flott. Frå 2020 vart ferga elektrisk. Under vinterstormane kan det vere i meste laget med sjø både for ferga og andre båtar. Det har vore fleire forlis her i osen heilt til vår tid, også med omkomne. I Lerøyosen er det gode fiskeplassar. Særleg er seifisket ettertrakta, og folk kjem langvegs frå for å prøve storseien.  På jakt etter silda kan ein ofte sjå flokkar med spekkhoggarar og nise på veg nord eller sør.  Og over sundet svevar gjerne havørna på jakt etter mat.

Den siste kvalen dei fanga i Skogsvågen, vart først oppdaga av skulestyrar Ingebrigt Skoge då den var på veg nordover i osen.  Elevane fekk då straks skulefri, og alle sprang til Skogsvågen for å sjå om den kom inn i vågen der.  Det gjorde den og vart drepen, -og kjøtet delt etter tradisjonsreglar.

Dei store båtane som skal til Bergen eller lenger nord, kjem gjennom Lerøyosen.  Om sommaren er der ein jamn trafikk av svære cruise-skip forbi.

Lerøyosen
Lerøyosen mellom Klokkarvik og Lerøyna. Kartutsnitt frå Gule Sider sjøkart.

 

KRIGEN.

9.april 1940 , tidleg om morgonen kom mørklagde, tyske krigsskip forbi på veg nordover mot Bergen. Invasjonen var i gang. På Lerøy fort hadde forsvaret vårt to 65 mm kanonar og lyskastar. Dei skulle vere nøytralitetsvakt og hadde som oppgåve å sikre minelegginga i Lerøyosen. Mineleggjaren Tyr låg i Klokkarvik. Mannskapet var, for ein stor del mobilisert kort tid før. Dei fekk meldingar om krigsskip i Krossfjorden, men visste ikkje sikkert kva det var. I den kaotiske situasjonen måtte mannskapet på eige initiativ handle. Dei hadde kort tid på seg. Utan at dei hadde fått ordre, gjekk dei ut for å leggje miner.  Men dei kom nok for seint i aksjon. Minene trengte mange timar for å aktiviserast, og dei første krigsskipa kom seg forbi utan skade.  Lasteskipet «Johan Wessel, derimot, blei minesprengt. Skipet blei då landsett på grunt vatn i Klokkarvik. Slik låg det ei tid før det vart reparert og påmala namnet «Liege».

Tyr hadde stor kanon i baugen, og kom etterkvart i kamp med tre tyske schnell-båtar. To av dei vart hardt skadde.   Den eine sokk og den andre kom i brann og la seg inn til Nordrekaien. Vi veit ikkje om det var Tyr som traff dei.

«D/S Sao Paulo» var lasta med krigsutstyr som skulle til Trondheim, men det var forseinka og vart omdirigert til Bergen.  Rett før midnatt mellom 9. og 10. april gjekk skipet på miner frå «Tyr».  Skipet sokk nær Vatlestraumen. I nyare tid har dykkarar vore nede i skipet og filma militære bilar og motorsyklar som sto i lange rekkjer om bord. (You Tube 2015).

Sao Paulo
Sao Paulo. Meir om skipet på denne lenka.

Det danske skipet «Gerda» låg i Bergen då invasjonen kom.  Den 8. mai fekk dei ordre av tyskarane å gå til Stavanger.  Like før Raunane fyrlykt gjekk dei på ei mine.  Mannskapet, med unnatak av maskinisten, kom seg i livbåten og overlevde.  Skipet dreiv på grunn ved Flesland, men sokk etterkvart.  Det blei heva i august 1940.  Mina var truleg frå Tyr.

Norske soldatar evakuerte etterkvart Lerøy fort. Nokre av soldatane kom seg til Voss der dei kjempa mot tyskarane ved Skjervet.  Tyr gjekk sidan til Hardanger der mannskapet gjekk i land etter mange kritiske hendingar.  Tyskarane tok båten som krigsbytte den 20.april i Uskedalen.  Tyr finns framleis, men er i privat eige (2020).

Det fins mange historiar om korleis folk i Klokkarvik med eitt kom i skotlinja og måtte kome seg unna. Vi veit og at ungdom frå bygda lasta miner over i lastebil og køyrde inn mot Vatlestraumen for å stogge krigsskip der.

Mannskapet på Lerøy fort og på Tyr fekk ikkje dei ordrene dei trong for å opne eld eller leggje ut miner.  Likevel tok dei ansvar og gjekk til aksjon. Desse skal vi heidre for mot og forsvarsvilje!

MINELEGGJAREN «TYR».

Skipet var bygd i 1887, og ombygd til mineleggjar før første verdkrigen i 1913. Denne gamle koldamperen var eitt av få våpen Sjøforsvaret hadde for å beskytte Bergen.

«Tyr» la til kai i klokkarvik kl 18 den 8. april. Kaptein Fritz Ulstrup, nestkommanderande fenrik Karl Sandnes og resten av mannskapet var utålmodige.  Dei hadde henta 50 miner på Laksevåg og var klare til å mineleggje Lerøyosen og Vatlestraumen.  Krigstrusselen var overhengande.  Sjefen på Marineholmen venta på klarsignal frå regjeringa, men den kom ikkje.  Sjefen på Tyr ville leggje ut miner same kveld, men fekk beskjed om å vente på ordre frå regjeringa. Først kl 00.30 natt til 9. april kom ordren, men då frå  admiral Tank Nilsen på Marineholmen. Han ga klarsignal, sjølv om dei ikkje hadde fått beskjed frå regjeringa.

Tyr la då ut 7 miner tvers over Lerøyosen. Så gjekk dei inn til Dolvik der dei kunne ringe til Marineholmen.  Der fekk dei melding om at dei første tyske krigsskipa hadde passert minene utan at noko hadde hendt.  Då gjekk Tyr ut att og la fleire miner for stanse hovedstyrken som kom seinare. Men ingen av hovedskipa mot Bergen vart stoppa av minene. Kaptein Ulstrup og mannskapet gjorde ein kjempejobb, men ordren kom for seint og dei hadde eigentleg ikkje ein sjanse. Først eit døgn seinare vart dei første tyske skipa senka.
Mannskapet på Tyr fortsette å kjempe mot overmakta ei tid etter 9. april.  Karl Sandnes blei sjef om bord 17.april, og få dagar seinare måtte dei forlate fartøyet etter kampar ved Uskedal.

Minesveiper TYR
Klokkarvik hamn under nøytralitetsvakta i 1939/40.
På bilete finn du KNM TYR til ankers og i robåten i forgrunnen finn du Audun Vassenden og Georg Larsen.
Dei to rutebåtane kan vere enten Alversund , Manger eller Haus,
Skøyta i forgrunnen er Lensmannskøyta og den ved kai kan vere skøyta til Anders Sund.
Marinefartøyet som ligg utpå reia er ein torpedojagar av Draug klassen. Byggjeår: 3 stk. i tidsrommet 1908 til 1913. (KNM Draug, Troll og Garm)
Sjøflyet tilhører den kongelige norske marine. (Kilde: Ivar Steinsland, foto: Marinemuseet Horten)

 

TORPEDOBÅTEN «STORM».

Torpedobåtane «Storm», «Brand» og «Sæl» låg ved Marineholmen 8. april. Admiral Tank Nilsen forsto at det kunne bli krig, og han orienterte mannskapene grundig. Båtane måtte gjere seg kampklare og fylle opp forsyningane av kol, vatn og proviant. Skipssjef Torleif Pettersen meinte dei burde leggje seg klare i Lerøyosen.  Vaktbåten «Lindaas» skulle  liggje sør om Lerøy.  Der skulle den etter planen praie den tyske eskadren og be dei snu og  forlate norsk territorium.  Om dei ikkje gjorde det, skulle den skyte opp to raude lys.  Det ville bety krig.  Då skulle Storm og dei to andre båtane gå til angrep med torpedo.  Men det var bare Storm som kom til Lerøyosen.  Dei to andre blei ikkje klare fort nok.

Skipssjef Torleif Pettersen fortalde dette: « Natten var mørk, men med klar luft og en mild bris. Alle lykter og fyr var slukket. Ventetiden var lang. Torpedosiktet og dets plassering var ment for en annen type krigføring 40 år tilbake i tiden.  Det var ikke særlig brukbart for angrep i nattemørket.

Så, klokken 0100 ble to røde lys synlig i sydvest.  Vi gikk øyeblikkelig til angrep mot ett av de største fartøyene.  På ca 1000 meters avstand skjøt jeg torpedoen.  Fienden forsto hva som hadde skjedd, og svarte med å beskyte oss.» Storm ble ikkje treft, men tyske motortorpedobåtar kom etter dei med ein fart på 40 knop.  Storm gjorde bare 16 knop.  Det som redda dei ut av knipa, var at dei smatt inn i det trange farvatnet ved Bukken.  Tyskarane torde ikkje følgje etter.   Så gjekk Storm nord om Lerøy for å angripe fienden på nytt.  Men då hadde alle dei 11 fartøya passert.   Dei tyske fartøya gjekk dobbelt så fort som Storm. Seinare fann dei torpedoen dei skaut ut.  Den hadde tydeleg treft, men hadde ikkje eksplodert.

Mannskapet på Storm var utan sjanse.  Det visste dei, men gjekk likevel til angrep!

MINNESMERKET er ei påminning om hendingane her ute, og kor viktig sundet mellom Klokkarvik og Lerøy var for forsvaret den gongen og lenge etterpå. Tyskarane bygde sidan torpedobatteri på Lerøy, no for å stoppe engelske krigsskip.  Til utbygginga brukte dei russiske krigsfangar. Mange av dei døydde der ute.  Mina skal også minna oss om desse, og kor grusom krig er.

Buarøy/Visterøy blei ein del av Lerøy fort under og etter krigen.  Så seint som i 1976 blei 2 nye kanonar montert.
I Lerøyosen var det lenge forbod mot fiske. Årsaka var militære kablar/miner på botnen. På 1990-talet ville forsvaret leggje nye miner, men gjekk frå det. Så no kan vi fiske fritt!

Måsen som lettar frå mina er eit symbol på optimisme.  Vi skal ha kunnskap om kva krig fører med seg, men vera mest opptekne av korleis vi kan sikra freden. Vi skal læra av historia,- for den har tendens til å gjenta seg.
Måsen fører merksemnda vår mot sjøen, opphavet til alt,- framtida vår. 

Lerøy fort, Buarøy og Visterøy er ikkje lenger eigd av forsvaret. No har Bergen og Omland Friluftsråd overteke eigedomane.  Det er fine område for båtliv, bading og glede. På Buarøy har dei nye bryggjer og båtfeste for gjestar.

 

SÅ LITT OM BYGDA VÅR.

OM NAMNET KLOKKARVIK.

Det gamle kommune-namnet Sund kjem herifrå. Grøningasundet er det gamle namnet på heile leia på begge sidene av Lerøy. Seinare blei det som i dag heiter Lerøyosen, kalla Sundet, og Klokkarvik hadde namnet Sund lenge. Det var eigentleg postverket som endra på dette.  Fleire stader i landet heitte Sund, så postadressa blei endra til Klokkarvik etter den vesle vika innafor moloen der klokkargarden var.

SKULENESET.

På haugen der bustadblokka noe er, sto det gamle skulehuset.  Det kom i bruk ca 1915, hadde to klasserom og lærarbustad på loftet. Her var det skule fram til 1973, då sto den nye skulen på Nedre Børnes ferdig.  Like ved gamleskulen var også lærarbustad.  Den siste som budde der var Ingebrigt Skoge. Til huset høyrde og ei lita løe der læraren fødde opp ein  gris i ny og ne. Ingebrigt var aktivt med i motstandsrørsla under krigen.

På neset der du no står, samla folk seg for å brenna jonsokbål heilt fram til dei siste åra.  Utfor neset sto stundom eit laksesteng.  Vika, der det no er slipp, var ein god badeplass der ungane i skulen gjerne lærte å svømma.

Etter at nyeskulen kom, blei gamleskulen nytta til Husmorlaget sin barnehage og til lokalt bibliotek.

MOLOEN OG BÅTHAMNA.

Moloen og båthamna er bygd og eigd av Klokkarvik Båtlag, finansiert av innskott og privatkausjonerte lån.  Den blei i grove trekk ferdig i 1985.  Plassen vi står på no er utfylt masse frå bygginga av bustadblokka på neset. Denne delen av plassen er kommunal og lagt til rette for at ein kan ha t.d. konsertar eller andre arrangement her.  Båtlaget har merka plassar for bubilar, og det er veldig populært for bilistar å svinge nedom plassen for å nyte utsikta, sjå når store båtar sig forbi, – eller bare ete lunsjpakka der.

DET STORE GRÅ HUSET  indst i hamna er det gamle posthuset og bustaden til postopnaren.  Den siste som hadde denne stillinga der, var Elsa Sæle (født Sund).  Ho var poststyrar frå 1947 til 1983. Stillinga hadde då vore i familien i 121 år.  Mannen til Elsa, Jon Sæle var mannskap på mineleggjaren Tyr under mobiliseringa i 1940. Den låg til kai i Klokkarvik fram til krigen.  Slik vart dei kjende, og dei gifta seg i 1943.

DAGANESET heiter det der fergekaien ligg. Der var det butikk fram til 70-talet.  Skomakaren hadde hus rett over kaien, og der var ein møbelfabrikk ut mot osen.  Opseth hadde butikk oppe ved fylkesvegen, og seinare kom Kontakten matvarebutikk lengre nord.  Hard konkurranse med senterbutikkane gjorde at vi blei utan butikk etterkvart.

PRESTEGARDEN OG KYRKJA.

Prestegarden femna lenge om Børnes, Nygård og Kanskje Førde.  Folk slo seg truleg ned her alt i bronsealderen.  Munkeliv kloster i Bergen eigde garden i mellomalderen frå før 1325.  Frå 1500-talet og fram til vår tid har garden Sund vore prestegard. På garden har det stått minst fire kyrkjer.  Den første var truleg ei stavkyrkje bygd på 1100-talet. Den vart riven i 1673 og erstatta av ei tømmer-kyrkje med stort tårn og pannetak. Den var i privat eige fram til 1870, men vart riven i 1878. Tømmeret derifrå er framleis å finna i bygningar i Sund. Ny kyrkje vart reist i 1877.  Den var kvit, hadde skifertak og 500 sitjeplassar. 13. mars 1994 brann kyrkja ned til grunnen.  Dette var i ei tid då det var fleire kyrkjebrannar påtend av «satanistar». Truleg var det svikt i det elektriske anlegget som var årsaka.  Kyrkja vi no har kunne innviast 18. mai 1997.

Hovudbygningen på Sund prestegard er frå 1832. Garden var rekna som ein av dei beste i kommunen.  Det var mange husmannsplassar og familiar knytta til garden.  Husmennene måtte utføra pliktarbeid, for på prestegarden var ein avhengig av arbeidshjelp.  Dei dyrka også korn,- både havre og bygg.  I bekken frå Sundsvatnet var der flaum-kvern med kapasitet til to tønner korn i døgnet.

Klokkaren budde først i Limevågen.  Seinare etablerte klokkaren seg her i vika. Namnet Klokkarvik skriv seg såleis truleg frå midten av 1700-talet.

Ved kyrkja står det to minnesmerke. Det eine er ein minnestein med namna til dei falne frå  kyrkjekrinsen i  krigsåra 1940 til 45. Her er og eit minnesmerke etter ei flyulukke på Veten i 1948, då eit militærfly med 15 personar traff fjellet i skodde. 13 omkom, men 2 unge menn overlevde.  Dette merket vart reist i 1998, og  dei overlevande var til stades.

PARADISHAGEN, ALLEEN, KYRKJETRAPPENE OG SKAUTAKLEIVA.

Til ein staseleg prestegard høyrde ein hage med stil. Hagen framfor hovedhuset vart kalla Paradishagen. Der var det sjeldne plantar, bærbuskar og frukttre innafor flotte murar og gjerde. Nedst i hagen står eit stort Kristtorn-tre.  For mange år sidan vart det freda. I ettertid har bæra spreidd Kristtorn- buskar i store delar av bygda.

Frå hovedhuset og ned mot Bakarsjøen (Nordrevågen) var det planta ulike lauvtre som alle’ langs vegen. Nokre av trea står att framleis. Ved sjøen var det murt steintrapp/bryggje for dei som kom sjøvegen til kyrkje. I Limevågen er det ei tilsvarande «kyrkjetrapp» for dei som kom roande sørfrå.

Det gjekk kyrkjesti over fjellet frå Forland/Berge. I dårleg ver var det tryggaste vegen.  Då kyrkjefolket kom opp siste bakken og kunne sjå ned til kyrkja, hekta kvinnene ned skjørt (dei som var oppskjørta) og tok på seg det fine skautet. Der heiter det Skautakleiva.

KRAFTVERK FRÅ SUNDSVATNET.

I mellomkrigstida gjekk lensmann, prest, handelsmann og 4 andre saman om å byggje eit lite kraftverk. Dei fekk murt stemmegard, først i Sundsvatnet og seinare i Lensmannsvatnet med røyr til eit lite steinhus på flata ved Nordrevågen. Kraftverket produserte maks 10 KW.

 

EIT SENTER I SUND KOMMUNE.

Bygda vår var lenge eit senter i kommunen.  Her var kykje, hovedkontoret for Sund og Austevoll sparebank, aldersheimen, trygdekontor og sosialkontor. Her var to, tre butikkar, doktorkontor og sjølvsagt skule. På 70-talet vedtok kommunen å sentralisera tenestene sine til Skogsskiftet. Det nye senteret skulle liggje der vegen mot Bergen gjekk. Det førte til at også butikkane fekk problem i konkurransen.  Det siste vi mista, var skulen.  Ungane herfrå går no på Stranda skule.

LAG OG ORGANISASJONAR.

Husmorlaget dreiv i mange år barnehage i gamleskulen på Skuleneset, og 6-årsklubb på nyeskulen.  Seinare fekk vi kommunal barnehage, først i Kyrkjetunet og seinare i ny bygning på tomta etter den gamle.

Kyrkja har vore aktiv i arbeidet med barn og unge. I Kyrkjekjellaren er det mykje god aktivitet.

Klokkarvik Båtlag vart stifta i 1977.  Dei bygde etterkvart molo og båthamn.  Det er ein populær møteplass i bygda vår.  Der er no plass til over 50 båtar og der er lang venteliste for å få fast plass.

Klokkarvik Grendalag fekk bygd Grendahuset vårt i sambruk med skulen. Grendahuset er mykje brukt av både barn og vaksne.  Fram til 2021 var det også barnehage i skulebygningen.

DUGNADSBYGDA.

Vi kan trygt kalle oss ei dugnadsbygd. Den store prestegardsløa blei ombygd til Kyrkjetunet frå 1975.  Nesten alt arbeidet vart gjort på dugnad, og mykje av kostnadene vart dekka av innsamla midlar. Kykjetunet var brukt som kyrkjelydshus, og som kyrkje då gamlekyrkja brann ned.

Også mykje av arbeidet på molo/båthamn vart gjort på dugnad, og dugnad måtte til for å skaffe pengar til anleggskostnader.

På 90- talet samla Grendalaget inn pengar frå private til bygginga av Grendahuset. Det blei gjort utruleg mykje dugnadsarbeid både til forsamlingslokalet, til garderobar og dusjanlegg og til uteområdet.

På 90-talet kom Grendalaget med planen «Levande Bygd». Det var plan for kva vi ville få til framover. Aktivitetar for barn og unge var sentralt. Slik blei «Prestikken» fotballbane laga, også på dugnad.  Og den krev dugnad også til vedlikehaldet.

Sund Kystlag blei og stifta for å få til maritime aktivitetar for barn og unge. Dei har bygd sitt Sjøaktivitetsenter innafor moloen.  Alt arbeidet er gjort på dugnad, og det meste betalt med innsamla midlar.

Også dette minnesmerket er eit dugnadsprosjekt.  Så vi har mykje å vere stolte av.

Å SJÅ FRAMOVER.

Den lettande måsen ser framover.  Den lettar frå historia.  Der er mange planar for bustadbygging i bygda vår.  Vi må hjelpe kvarandre å få realisert vekst og framgang.  Dugnad og engasjement frå alle må til for å skape liv, røre og trivelege møteplassar!