Litt om Klokkarvik:
Klokkarvik er i Sund Kommune på Sotra, ca 40 minutter med bil fra Bergen. Fra Klokkarvik går det ferje over til Hjellestad, via øyene Lerøy og Bjelkarøy som sokner til skulen og kyrkja. For fakta om kommunen kan du sjå på denne linken.
Bygda ligg idyllisk til ved innseilinga mot Bergen. Fleire stader er utsikten fantastisk, med utsyn mot byfjella, Folgefonna, Stord, Austevoll, Tysnes for å nevne noko. Om sommaren er det populært å dra over i «øyene» og bade. Mange av dei gamle kyrkjevegane er oppmerka dei seinare åra, og innbyr til eit fantastisk flott turterreng. Siden innseilinga mot sør og vest kjem inn via Korsfjorden og gjennom Lerøyosen, kan ein i sommarhalvåret sjå dei store turistbåtane gli forbi tett innpå land. Frå Klokkarvik er det 7 km til kommunesenteret, med butikkar, post, bank, bensinstasjoner, bilverkstader og meir. Skulen ligg midt i bygda, der ein også har Grendahus for heile skulekrinsen.
Ved å besøka denne linken hos Gulesider kan du sjå på kartet kor Klokkarvik er.

