Heile Noreg bålar på Klokkarvik, Laurdag18.jan 2025 kl 12-15:00

Ta med deg familien på tur denne dagen kor det arrangerast «Heile Noreg bålar» og «Kom deg ut dagen» over heile landet. Dette er opninga av friluftslivets år 2025.
Speidargruppa stiller med bål som er ope for alle ved lavvoen på Klokkarvik. Stikk innom når det passer deg. Her kan du grille det du måtte ønske eller ta nistepakken i sosialt og trivelig lag med andre som nyter den norske naturen.
Me arrangerer ein post/aktivitetsløype i skogen rundt.
For dei som ynskjer, blir det sal av pinnebrøddeig og marshmellows som du kan grille i kjent speidarstil. Sal av kaffi, så ta gjerne med deg ein kopp på turen.
Her er det god tilkomst for alle. Anbefaler parkering ved Sund kyrkje/Klokkarvik barnehage for dei som kjem med bil. Gå inn på grusstien ved parkeringa på oppsida av barnehagen. Eventuelt parkering i Sundskogen og tursti videre til lavvoen.
Me har mykje flott natur i Øygarden, og dette er litt av den. Velkommen!
Arrangement av Tofterøy KFUK KFUM Speidarar
Lavvoen på Klokkarvik
Varighet ca 3 timer