Velkommen til konsert med Vokalgruppa Bless i Sund kyrkje!
Bless er ei vokalgruppe som for det meste syng a capella og er sett saman av fire kvinner og fire menn. Gruppa vart stifta i 1998, og dei fleste har vore med sidan starten. Repertoaret spenner over ulike sjangrar, og songane har kristent innhald. Som det kjem fram av namnet, ynskjer Bless å vera til velsigning for dei som høyrer på. Denne hausten kan du finna Bless på alle strøymetenester.
Billett ved inngangen: kr. 200