Neste yogatime på grendahuset er torsdag 23. mai kl. 18:30 – 20:00 Gler meg til å sjå deg
Du kan melde deg på her: https://www.momoyoga.com/…/kveldstime-dru-yoga-mjukt-og…
Beskrivelse
Dru yoga er ei blanding av yoga, tai chi og qi gong. Her får du mjuk og var yoga, rolege rørsler og pust som gjer godt i kropp og sinn. Alle yogatimane handlar om å kjenne meistring, og å arbeide med kroppen. Alt skal kjennest godt, heile tida. I kveldstimene mandag og onsdag (st. Jakobs plass) og torsdag (Klokkarvik grendahus) følgjer vi eit årsprogram som du kan lese meir om her: https://www.allmenningen.org/yoga/yogaprogram/
Vi får innsikt i anatomi, gjer ei oppvarming, yogasekvensar, rørsler, meditasjon og avslapping. Sjå her for meir info: https://www.allmenningen.org/yoga/
Timane vil gje djup stille og ro, ei kjensle av meistring, generell styrking av kropp, balanse og koordinasjon og avspenning. Dersom du kjem for å arbeide med særskilte tema, til dømes jobbstress eller legingsprosessar, tilrår eg at du kjem på meir enn ein yogatime kvar veke.
Timen høver for alle – du kan låne matte, pute og stol. Ta med drikke, eit pledd til avspenninga og evt. eige yogautstyr.
250kr/212.50kr. student. Betal med kort før timen.