INVITASJON TIL DEG!
MÅNDAG 30. JANUAR KL 1900.
MERK DEG DAGEN OG VER KLAR!
Den kvelden vil vi samle positive og innsatsvillige folk, unge og eldre i Sund
gamle skulekrins til kreativ myldring og planlegging.
Vi møtes i Grendahuset for å bli inspirerte og for å gjere ferdig planen «Levande
Bygd 2». Planen skal hjelpe oss å få til positiv utvikling i bygda vår. Saman må vi
finne ut korleis vi kan realisere dei måla vi vert einige om.
Om vi ønskjer ei levande bygd der unge og eldre vil bu og trivast, der dei har
greie møteplassar og kan leve aktive og meiningfylte liv,- då krev det innsats frå
heile bygda.
Det er no det er tid for å kjempe for det vi meiner er viktig for oss.
Kommuneplanen er under arbeid og vi må påverke. Det er vi som bur her som
veit kva vi ønskjer og veit kva vi treng
Dei politiske partia arbeider no med sine program før kommunevalet, så vi vil
også invitere dei til denne kvelden i grendahuset. Så får dei høyre kva folk her i
Klokkarvik meiner. Dette kan vere det viktigaste møtet du er på dette året. Og vi skal passe på at alle får sagt sitt.
Kjenner du andre som kan bidra positivt den kvelden? Inviter han/ho med deg
og kom. Det vert enkel servering, så det er fint om du seier frå at du kjem.
Med helsing komiteen
Rune hummelsund, Frode Wessel Jansen, Jan Henning Lidal, Ronald
Slettebakken, Frank Tollefsen, Ketil Christensen og Jarle Sælensminde.