Minnesmerket «Mina» – Skuleneset Amfi

Minnesmerket «Mina» – Skuleneset Amfi

Les heile historia på denne lenka

MINA ER EIT MINNESMERKE  om hendingar her i Lerøyosen 9.april 1940.

Men det er også eit merke for notida og framtida til bygda vår.

Oppe på mina er ei måke i ferd med å letta,- på veg ut mot sjøen. Den er eit symbol for optimisme.   

Den sentrale plasseringa i Lerøyosen, som er ein del av  Grøningasund, gjorde at Klokkarvik tidleg blei kyrkjestad og seinare senter i Sund.

Sundet som gav namn til kommunen er framleis viktig. Dette er hovudleia for dei store skipa  Her er båtliv og fiske. Båthamna vår er møteplass. Vi er ei dugnadsbygd som har fått mykje til i lang tid.

Minnesmerket fortel viktig historie, men det peikar på det vi er takksame for: Fridomen vår og ein flott plass å bu.

Les heile historia på denne lenka. Du finn den og under «Historie» øverts på sida.