Lokalhistorie – Om skulen

TIL DEG SOM ER INTERESSERT I LOKALHISTORIE ELLER GODE HISTORIER.

(Fortald av: Johannes Høyland

Skrivar og illustrasjoner:  Jarle Sælensminde.)

 

klepp-premie
Tegning: Jarle Sælensminde

På siste lutefisklag i Grendahuset, lova vi å skrive om lokalhistorie på klokkarvik.no.  Vi lova og å  skrive gode historier. På denne lutefiskfesten kom det fram mange hendingar og opplevingar som gjev gode tidsbilete og som fortel mykje om korleis det var å bu på Klokkarvik for 40 –50 år sidan.

Men det vi opplever no, er om få år historie. Håpet er at du som les dette vil hjelpe oss å skrive god lokalhistorie, men og dele historier med oss.  Sjølvopplevde, eller historier du er blitt fortald, -alt kan vere interessant. I denne fasen noterer vi likt og ulikt. Eg har starta med å skrive ned Johannes Høyland sine forteljingar.  Det var han som kom bort til meg ein kveld med ideen til dette ”prosjektet”. Han er eit oppkomme av gode historiar, så det er naturleg å sikre desse først.

SKULEN PÅ SUND.

hammarslands-hus
Huset til Olav Hammarsland til høgre i biletet. (Foto: Tore Bjørn Viksøy)

Frå først av er skulen gått ut frå kyrkja.  I lange tider var han rein religionsskule, der målet var å syta for at born og ungdom fekk tileigna seg eit fastsett minstemål av kristendomskunnskap, og etterkvart læra seg lesekunsten. Det var i første rekkje innføringa av konfirmasjonen i 1736 som gjorde det naudsynt med ei meir organisert form for denne opplæringa, som vart utforma og påboden ved forordning og lov.

”Lov om Almue-Skolevæsenet på Landet” av 1827 påbyd m.a. at det ved hovedkyrkja i prestegjeldet skulle tilsetjast ein klokkar (kirkesanger), som også skulle vere skoleholder ved ein fast skule på staden, anten ”i sit eget, eller et andet ham av skolekommisjonen anvist hus”, for ”for alle børn i den omkrets som skolekommisjonen bestemmer”.
I 1835 vart det oppretta fast skule på Sund med hovedkirkesanger Kjærland (frå Granvin) som lærar. (Kjelde:  Tidlegare skulesjef Bjarne Havneraas)
Den første faste skulen i kommunen var altså her på Sund.  Før den tid hadde det vore opplæring i omgangsskulen.  Utanom Sund krins fekk storparten av borna  opplæringa si i omgangsskulen fram til 1860-70 åra.

Det første skulehuset vi kjenner til på Sund låg der Olav Hammersland sitt hus no er.  Vi har høyrt at då huset  til Elsa Sæle ( Elsa i posten) kom, vart delar av dette bygd med materialar frå det gamle skulehuset.  Skulehuset på Skuleneset var ikkje ferdig før i 1913 eller 15.  I tida etter at det første bygget vart rive, og før det nye var ferdig, måtte ein finne mellombels løysingar. Mykje tyder på at det ei tid var skule i naustet til Elsa i posten  og i nordastova  i huset til Olav Hammersland.

Vika der båtlaget no har slipp, heitte før Smedafjøro.  Det var ei smia der Elsa sitt hus no er,  kanskje i den same kjellaren.   Seinare  fekk vika namnet Klokkarvik, då klokkarjorda blei skilt ut.  Etterkvart blei dette namnet på heile krinsen.  Det var så mange stader i landet som heitte Sund, og posten kom feil til alle tider. Frå sør gjekk vegen til skuleneset  via barakken til Atle Berge og gjennom tunet til  Elsa.  Frå skulen gjekk veg (sti) vidare nord til Kyrkjetrappa i Nordrevågen og til bakariet.  Ein veg gjekk til Bessadalen, ein annan via kraftverket og nordover.

elsapostenhus
Huset til «Elsa i posten» eller Elsa Sæle (Foto: Kristin B Viksøy)

Skulen på skuleneset hadde småskule og storskule, med to klasserom.  Oppe var det ”lærarinneleilighet” i aust.  Vi er ikkje sikre på om ho hadde begge romma. På Skuleneset var det skule til 1973, altså i 60 år. I 1916 vedtok heradsstyret å byggje lærarbustad på Sund.  No hadde ein kome fram til at det var viktig å skaffe gode lærarar.  Stundom måtte dei  lokkast frå andre krinsar eller frå andre kommunar.  Då måtte kommunen tilby hus. Så seint som for 120 år sidan var det folk i kommunestyret som ikkje kunne skriva namnet sitt, men måtte underskriva møteboka ”med påholden penn”. Så skule vart etterkvart sett på som viktig.
”I lang tid hadde ein som ville verta skulelærar sett på som ein svekling, som ikkje dugde til noko særs”(bygdeboka).  Dette synet endra seg altså etterkvart.

Det var skulekommisjonen som skulle styre skulen i samsvar med lova. Skulekommisjonen var samansett av soknepresten, lensmannen, medhjelparane og valmennene (formannskapsmedlemene).

Visstnok skal ein av dei og ha hatt i oppgåve å vere prylar.  Han skulle få skikk på dei som hadde gjort alvorlege fantestrekar.  5Skulen skulle frå først av gje opplæring i :  Læsning, Religion og Bibelhistorie, Sang efter Psalmebogen, Skrivning og Regning.  Hver Dag skulle begynne og slutte med Bøn og en Psalme. I 1892 hadde Sund krets 37 børn og 24 ugers skole.

gamleskulen
Gamleskulen på «Skuleneset» ein vinterdag (Foto: Kristin B Viksøy)

Kvar skulekrins hadde sitt krinsstyre med ein krinsformann.  Korleis dette fungerte i praksis, veit vi for lite om.
Vi vil utfordre Robert Skjoldal og Sverre Bungum til å  skrive litt om dette. Slik vi har forstått det, måtte krinsstyret også ta seg av mykje av vedlikehaldet på skulen.

JOHANNES HØYLAND FORTEL OM SKULETIDA.

Først noko som bestefar til Johannes fortalde:

Oksepisken.

Bestefar til Johannes gjekk på skule i Skogsvågen. Då han gjekk på skulen, hadde læraren organisert det slik at alle dei flinke elevane sat framme. Dei som hadde tungt for å læra, eller som ikkje kunne vera rolege, sat bak. Dette var kring århundreskiftet.  Læraren ville heilt tydeleg ha respekt, og likte ikkje uro på bakarste pulterekkje. Difor hadde han skaffa seg ein skikkeleg oksepisk.  Denne pisken var akkurat så lang at den nådde  nesten i nasetippen på uroelementa bak. Han hadde ein fantastisk teknikk til å få pisken til å smelle nesten i fjeset på rakkarane.
Dei var ikkje heilt trygge utan at dei lente seg godt tilbake i benken. Ein av dei fann ei råd til å bli litt tryggare. Ein gong læraren ikkje var til stades, skar han ein bit av pisken,- akkurat nok til at den ikkje kunne nå fram der den var meint.  Han passa på å sverte kuttet med sot, slik at læraren ikkje kunne sjå forskjell.

Snott på avvegar.

Johannes i Kråna fortalde og ei historie om kor ille det kunne vere på skulen for hundre år sidan.  Han fortalde om læraren som stadig snytte seg med fingrane, og kvitta seg med snørret ved å kaste det mot golvet.  Det hende at han traff elevane i staden.  Ein gong fekk ein av gutane heile klysa rett i panna.
Skulen var nok mykje betre i 50- åra, då Johannes sjølv var elev.  Her fortel han om si eiga skuletid:

Fyre i omnen.

Skulen hadde to klasserom.  Dei vart oppvarma med vedomnar.  I mi tid var det Tomine Bøe som måtte fyre i omnen om morgonen.  Ho vaska også når dagen var slutt. Mange var våte når dei kom på skulen. Dei frå Laksen måtte gå gjennom utmarka i alle slags ver. Då var det godt å tørka kleda sine nær omnen.

sti-laksen
Stien i «Laksen» forbi den store maurtua. (Foto: Kristin B Viksøy)

Det siste Tomine gjorde før ferien, var å pusse omnane med omnspuss.  Vi gledde oss til den første fyringa på hausten.  Då hjalp vi gjerne med å fyre ekstra hardt,- så visste vi at det gjerne vart så mykje røykutvikling at vi måtte ut av rommet og få fri.

tomine-torke-kle
Tomine tørke kle ved ovnen. Tegning: Jarle Sælensminde

Friminutta.

I friminutta var det gjerne å slå ball.  Alle som har vore på den gamle skuleplassen veit at her kunne det lett skje uhell.  Til dømes for ballen på sjøen rett som det var. Då var gode råd dyre.  Men vi visste eigentleg kva vi hadde å gjere:  Springe bort og låne båten til Elsa før ballen dreiv for langt. Var vi ikkje raske nok, hende det at den rak til Bessafjøro før vi nådde i den. Oftast fann vi den att,  men vi sytte jo for at det tok litt tid.  Då slapp vi gjerne unna ein matematikktime.  Vi vart liggjande godt etter i matematikk og rakk aldri fram til dei siste kapitla i  boka.

redding-av-ball
Tegning: Jarle Sælensminde

Storefri.

Middagspausen var gjerne lengre enn det som no er vanleg.  Eg gjekk gjerne heim då for å ete.  Men om sommaren, når temperaturen var bra nok i sjøen, måtte vi nytte høvet til å lære oss symjing.  Slike dagar gjekk vi til skulen med badebukse under.  Då nytta vi matpausen  til bading  nede på skuleneset.  Ingebrigt Skoge sat vakt på haugen når vi bada og vi øvde med liv og lyst i den vesle fjøra. Nesten alle på skulen lærte seg å symje.  Ei av jentene var ekspert i teoretisk symjing.  Ho tok perfekte symjetak liggjande på ein krakk.  I vatnet derimot, kom ho til kort.

svmming
Tegning: Jarle Sælensminde

Læraren hadde grisar.

Ingebrigt Skoge hadde grisar i fjøset sitt.  Det var ei utfordring å prøve å ri dei. Grisar skyt rygg og vert krakilske, nett slik som ville hestar på amerikansk rodeo.  Og ikkje er det noko å halde seg fast i heller.  Så det er mykje god underhaldning i griseriding. No var det ikkje slik at vi reid på gris i friminutta, men vi gjekk no gjerne bort til læraren i fritida og.

Brigten hadde ikkje desse grisene for at vi skulle ha noko å leike oss med.  Han dreiv ikkje ridesenter.  Grisane var mat.  Når tida var komen, måtte dei slaktast.  Det gjekk føre seg ved kjellaren hans.  Vi slapp ikkje inn der, men vi stod klistra til kjellarglaset for å få med oss mest muleg av prosessen.  Gjennom ruta opplevde vi femtiåras skrekkfilm. Men det vi eigentleg var ute etter, var griseblæra.  Den tenkte vi å bruke til fotball.

purkeridning
Tegning: Jarle Sælensminde

Utedo på skulen

 

På nord-austsida av skulen stod utedoen.  Der var to jentedo og to gutedo, pluss pissoar.  Der hadde guttane hard konkurrane om å pisse høgast opp på veggen.  Alle rekordforsøk vart høgtideleg målte og  rekordane merka av på veggen.  Det er usikkert kven som har den siste offisielle rekorden, for utedoen brann opp på 70-talet.  Då forsvann alle merkene.

rekord-guttedo
Tegning: Jarle Sælensminde

Undervisning.

Første time måndag hadde vi alltid Kristendom.  Då var det bibelhistorie eller kyrkjehistorie.  Brigten visste godt om vi hadde vore seint ute på noko om søndagen.  Då kunne du vere sikker på at han høyrde oss i leksa.  Så det var viktig å ha taktikken klar og forutsjå kva vi kunne bli høyrd i.

Ingebrigt Skoge var ein god lærar.  Han var ein fantastisk forteljar som gjorde historie og bibelhistorie levande for oss.  Han var også god til å forklare og vise, slik at vi forsto og lærte.  Fysikk og kjemiutstyret var godt og illustrerande.  Han tok oss mykje med ut for å lære.  Ofte hjalp vi han med arbeid også om ettermiddagen, og lærte mykje av det. Når det trengtes, kunne han vere skikkeleg streng.

Seinare har skulepolitikk blitt meir kvinnedominert og det har påverka innhaldet i skulen også.  Det har blitt færre realistiske fysikkforsøk, mindre naturfag,  mindre og forsiktigare fysisk aktivitet, mindre tresløyd og mindre undervisning ute.

Audiovisuelle hjelpemiddel.

På skulen fekk vi radio i 1956.  Då begynte ei ny tid.  Det var ein stor, moderne radio av typen ”Radionett”.  Den var nok først og fremst kjøpt inn for at vi skulle høyre på skulekringkastinga.  Dei hadde sending til faste tider.  Då  var det viktig å vere på plass når sendinga begynte.  Vi hadde eigne hefte til sendingane.  Dei hadde stoff som skulle førebu oss på det vi skulle høyre, og hadde oppgåver vi skulle løyse etterpå. Men den nye radioen gav oss også sjansen til å høyre musikk på BBC.  Det sneik vi oss til om morgonen etter at Tomine hadde fyrt i omnen, og før læraren kom.  Det var nesten ei andaktstund for oss!

Året etter at vi fekk radio, fekk vi også bandopptakar.  Det var ein stor, moderne Tandberg.  No kunne vi ta opp skulekringkastingsprogramma og bruke dei omatt utan å vere avhengig av sendetidene i radioen.  For eit fantastisk kjempesteg inn i den moderne, audiovisuelle tida!

Gym.- timar.

I gymnastikktimane var vi alltid ute.  Vi hadde gjerne linjegymnastikk på skuleplassen.  Ofte samla vi opp desse timane  og hadde friidrett med springing, hopping og kasting. Om vinteren gjekk vi på ski og skeiser når det var sjanse til det.  Eg hugsar at vi gjekk på skitur til Dommedalen.  Ein gong gjekk vi på skitur til Førde og via Langavatnet til Dommedalen.  Det er ein temmeleg lang tur.  Brigten var alltid med.

skitur-dommedalen
Tegning: Jarle Sælensminde

Var isen trygg, gjekk vi på skeiser på Sundsvatnet eller Børnesvatnet.  Då var det konkurransar, og læraren tok tida for å sjå kven som gjekk fortast.

bornesvannet
Parti frå Børnesvatnet sett frå nord. (Foto. Kristin B Viksøy)

Sløyd og handarbeid.

Sløyd og handarbeid var dei kjekkaste faga.  Dette arbeidde vi med i periodar.  Då vart klasseromma gjorde om til sløydsal og handarbeidsrom. Jentene skulle ha handarbeid i det minste rommet, og gutane sløyd i det store.  Småskuleelevane hadde fri i denne kurstida og alle timane gjekk med til sløyd og handarbeid!

Sløydbenkane og utstyret gjekk på omgang i kommunen.  Sløydbenkane  vart frakta  frå Steinsland med båt,- gamle ”Vatlestraumen”.  Det var vår oppgåve å bere alt frå kaien og heile vegen bort til skulen.  Men i denne saka var vi skikkeleg arbeidsvillige, for vi gledde oss til snekring og saging!  Så fekk vi tilsendt materialar som læraren hadde  bestilt.  Det måtte og berast frå kaien.  Når alt var på plass, måtte verktøy slipast .  Sløydsagene hadde tau som måtte stramast opp.  Og så kom det ei sylærarinne til oss i denne perioden.  Sjølvsagt var vi spente på korleis ho såg ut.

No hadde vi altså fått eit  lager med nye materialar til skulen.  Her låg ein fin stabel  som pirra vår kreativitet.  I hovudet danna det seg flotte bilete av kva all denne herlegdomen kunne brukast til.  Særleg dei breie, lange,  lettbøyelege halvtomsborda var freistande.  Nokre av dei forsvann plutseleg, – då læraren var til middag, og dukka etterkvart opp som kano nede i fjøra.  Men sjølv om den vart tetta med  margarin og alt anna som var tilgjengeleg, lak den som ei sil.  Den vart aldri sjødyktig.  Ingebrigt Skoge derimot, blei dyktig sint.

Året etter blei ein stor del av halvtomsborda nytta til duekleive på Børnes.

kano
Tegning: Jarle Sælensminde

No visste vi kva det innebar:  Når halvtomsborda var borte, måtte vi høvle desto meir på dei tjukkare fjølene.  Eit helseslet, spør du meg.

På sløyden laga vi brødfjøler.  Seinare gjorde vi meir av nøyaktighetsarbeid,- vi laga skrin og vi laga serveringsbrikke.  Serveringsbrikka skulle beisast.  Då måtte vi blande beispulver i varmt vatn.  Ein av elevane hadde ikkje varmt vatn tilgjengeleg akkurat då han skulle til å beise.  ”Heldigvis” var det ein av medelevane som  visste råd:  Han pissa i karet og dryssa pulveret oppi. Eigaren av brikka merka ingenting og beisa  den flott.  Til slutt fekk overflata  eit godt lakklag. Det vart bore fram mykje god mat på denne serveringsbrikka i mange år.

serveringsbrikka
Tegning: Jarle Sælensminde

Dei som var flinkast fekk lage kuronne-brett.  Det var vanskeleg og tok lang tid.  Men det var kjekt å spele kuronne etterpå.  Å lage kuler eller  gode brikker var ikkje lett.
Ein av gutane fann på å knuse termometeret og spele med kvikksølvkulene.  Ingen tenkte på at det kunne vere  helsefarleg.  Spelinga gjekk fint heilt til kulene datt på golvet og forsvann ned i golvsprekkene.  Der ligg dei vel enno, tenkjer eg.
Lakkpenslane vaska vi med lynol!  Vi merka jo at vi vart godt susne i hovudet av dette arbeidet, men tenkte ikkje over at det kunne vere skadeleg.

Derimot vekte det forskartrangen hos eit par av oss.  Hypotesen var denne:  Om det er slik at eit menneske vert susen og rusa av lynol, så må vel dette og gjelde for kattar? Her låg det tilrette for eit vitskapeleg eksperiment for å få fram fakta.
Så det blei sendt bod på katten til læraren.  Denne fekk så eit godt  penselstrok lynol på snuten og sendt avgarde.  Forskarane konstaterte ujamn gange og fyllerøre.  Katten var ute av kontroll og gjekk rett i gjerdet.

lynol-katte
Tegning: Jarle Sælensminde

Matematikk.

Eg sa at nokre av oss vart ekspertar til å hale ut friminutta for å sleppe undervisning.  Men eg minnest at mykje tid forsvann også i timen ved at vi brukte uhorveleg lang tid til å kvesse blyantar med kateter-kniven framme ved omnen.  Brigten måtte innskjerpe at bare ein om gongen fikk gå fram i det ærendet. Vi kom aldri helt gjennom matematikkboka.  Likevel var det fleire som vart flinke i matematikk.  Eit par av jentene vart hyra inn av Sund og Austevoll Sparebank til å rekne ut rente og føre den inn i bankbøkene til kundane ved årsskiftet.  Dei hadde nok lært prosentrekning.
Ein gong høyrde vi kraftige kanondrønn frå Krossneset.  Då vi gjekk ut, kunne vi sjå lysglimta frå kanonane.  Sekundar seinare kom smella.  Då fekk vi sjølvsagt i oppgåve å rekne ut kor langt det var bort til kanonane.

Ingebrigt Skoge kunne engelsk.  Det var det ikkje alle lærarar som kunne den gongen.  Derfor fekk vi undervisning i det faget.

Eksamen.

Då vi gjekk i barneskulen , fekk vi karakterar.  Vi hadde  eksamen i dei skriftlege faga, og munnleg eksamen i alle dei munnlege faga. Slik opplevde eg munnleg eksamen:

Heile klassen sat samla i klasserommet.  Krinsformann Ole Hummelsund, presten Frøysa, Rokstad (kvifor?) og Sigurd Grimstad ( som var lærar frå Kleppe, og ordførar)  sat bak og skulle overhøyre eksamineringa.  Læraren vår, Ingebrigt Skoge, var eksaminator.  Han skulle stille dei rette spørsmåla slik at vi fekk vist kva vi kunne, og helst slik at vi ikkje viste kva vi ikkje kunne.
Alle fekk spørsmål dei måtte svare på.  Brigten  passa nok på å tilpasse spørsmåla til dei som fekk dei.  Og mykje hadde vi øvd på på førehand.  Lurer på om det var slik at dei som kunne svare var oppe med høgre handa, dei andre med venstre?

50-åra.

Elles var nok 1950-talet veldig forskjellig frå no på mange måtar.  Det var ikkje så mange åra sidan krigen var slutt.  Heimevernet hadde våpen mange stader, og mykje låg att etter krigen.  På skuleloftet låg eit heilt lager med mausser-patronar.  Vi rørde det aldri.  Men ein gong vågde eg meg til å ta ladegrep på Brigten sin Colt.  Den var sjølvsagt ikkje ladd.

I femtiåra var det også stor mangel på metall.  Skraphandlarane betalte gode prisar for alt av metall dei fekk tak i.  Vi gutane hadde dette som inntektskjelde når skraphandlaren kom til Klokkarvik eingong på hausten.  Då leita vi alle stader for å finne skrap.  Dei ivrigaste tok det ikkje så nøye om skrapet eigentleg hadde ein eigar eller om det hang fast på eit hustak.