{"id":214,"date":"2015-06-07T20:19:21","date_gmt":"2015-06-07T18:19:21","guid":{"rendered":"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/?page_id=214"},"modified":"2015-06-07T20:21:05","modified_gmt":"2015-06-07T18:21:05","slug":"kollektivbruk","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/?page_id=214","title":{"rendered":"Kollektivbruk"},"content":{"rendered":"<h2>D\u00c5 DET VAR KOLLEKTIVBRUK P\u00c5 KLOKKARVIK.<\/h2>\n<p><em>Jarle S\u00e6lensminde.<\/em><br \/>\n\u201dKatt og kaniner og en eng med l\u00f8vetann\u201d.<br \/>\nTidleg p\u00e5 syttitalet var det stor tilflytting til Klokkarvik i dei nye byggjefelta. Dette med byggjefelt var noko heilt nytt i Sund, og mange var skeptiske. Kven er no alle desse folka som vil ut hit p\u00e5 landet? I kommuneadministrasjonen hadde dei til d\u00f8mes lite tru p\u00e5 at eg verkeleg hadde tenkt \u00e5 bu her fast. Dei ville ha det stadfesta skriftleg slik at eg ikkje skulle finna p\u00e5 \u00e5 nytta huset til feriestad.<br \/>\nS\u00e5 viste det seg etterkvart at dei folka som kom hit ikkje bare var skumle bergensarar, men var fr\u00e5 ulike delar av landet. Dei oppf\u00f8rde seg om lag som dei innf\u00f8dde, og nokre av dei var faktisk hyggelege og til dels intelligente. Felles for dei var kan hende ein draum om det gode liv p\u00e5 landet. Katt og kaniner og kollektivtenking var inne i tida.<\/p>\n<p><strong>Hageberg og Edens kollektivbruk .<\/strong><br \/>\nLaurdag 25. januar 1975 kl. 10 kalla presten Ingvard Hageberg inn til m\u00f8te p\u00e5 Sund skule. No skulle det etablerast eit kollektivbruk p\u00e5 prestegardsjorda, som lenge hadde lege brakk. Sju sjelar m\u00f8tte. Det var D\u00e5v\u00f8y, Bungum, Flygt, Taule, Johnsen og Lied. Om det var Hageberg som var initiativtakar veit eg ikkje, det kunne vore kven som helst av desse sju. Alle desse viste seg \u00e5 vera initiativrike, og har gjort aktiv innsats for samfunn og fellesskapl\u00f8ysingar. Gunnar Lied var den som eit par \u00e5r seinare var f\u00f8rste formann i B\u00e5tlaget, og ogs\u00e5 velforeininga.<br \/>\nHageberg vart vald til kontaktmann for kollektivbruket, og Arne D\u00e5v\u00f8y vart forretningsf\u00f8rar. Her var det skikk p\u00e5 tinga! Gunnar Lied fungerte som sekret\u00e6r. P\u00e5 f\u00f8rste sida i den nye, tjukke protokollboka skreiv han: \u201dDenne boken, som inneholder 196 paginerte sider, autoriseres herved som m\u00f8te og arbeidsprotokoll for Prestegarden Kollektivbruk\u201d. Gunnar var milit\u00e6rmann!<br \/>\nKontingenten skulle vera 20 kr for \u00e5ret.<br \/>\nFolk kunne etter dette be om ein \u00e5kerteig p\u00e5 fr\u00e5 100 opp til 500m2. Dei f\u00f8rste jorddyrkarane valde 200 eller 300 m2. G. Tellnes fekk i oppdrag \u00e5 pl\u00f8ye og harve 4 m\u00e5l av dei gamle, attgrodde \u00e5krane. S\u00e5 dei fekk gjort gode vedtak p\u00e5 dette f\u00f8rste m\u00f8tet.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/presteg\u00e5rd.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\" size-full wp-image-215 alignright\" src=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/presteg\u00e5rd.jpg\" alt=\"presteg\u00e5rd\" width=\"350\" height=\"233\" srcset=\"https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/presteg\u00e5rd.jpg 350w, https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/presteg\u00e5rd-300x200.jpg 300w, https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/presteg\u00e5rd-272x182.jpg 272w\" sizes=\"auto, (max-width: 350px) 100vw, 350px\" \/><\/a><\/p>\n<p><strong>Potetdyrking.<\/strong><\/p>\n<p>Heilt tilfeldig fekk eg for mange \u00e5r sidan i oppdrag \u00e5 ta vare p\u00e5 den gamle protokollen for kollektivbruket. Verksemda gjekk fram til 1979 d\u00e5 ei heller dramatisk hending gjorde sitt til at interessa slokna. Kva dei forskjellige dyrka det f\u00f8rste \u00e5ret (1975), veit eg ikkje. Det g\u00e5r ikkje fram av protokollen, men \u00e5ret etter g\u00e5r det fram at Hageberg tinga 400 kg settepoteter til kollektivet for levering i april m\u00e5nad. Gartnerhallen leverte kontrollerte s\u00e5poteter med full garanti, og med returrett om ein ikkje var n\u00f8gd \u201dutan kostnad for Dykk\u201d. Prisen var ikkje avskrekkande,- kr. 2,25 pr. kg inkl. moms. S\u00e5 det ser ut til at det var potetdyrking det gjekk i det \u00e5ret.<\/p>\n<p>Dette andre \u00e5ret vart det ogs\u00e5 vedteke \u00e5 ta inn nye medlemer, som rett nok vart oppmoda om \u00e5 skipa sitt eige \u00e5kerlag. S\u00e5 ny jord vart pl\u00f8ygd og harva.<\/p>\n<p><strong>Fleire kollektivb\u00f8nder kom til.<\/strong><\/p>\n<p>Fleire flytta til bygda, og interessa for \u00e5 vera med i dette felleskapet var stor. P\u00e5 m\u00f8tet 24. april 1976 m\u00f8tte nye folk: Mathisen, Lok\u00f8y, Nilson, Viks\u00f8y og S\u00e6lensminde. Sistnemnde vart formann og Taule vart ny kasserar (det heitte ikkje lenger forretningsf\u00f8rar).<\/p>\n<p>Alt no hadde ein nok oppdaga at hjorten ogs\u00e5 er glad i poteter. P\u00e5 dette m\u00f8tet vart det vedteke \u00e5 gjerde inn parsellane. Ein fekk l\u00f8yve til \u00e5 hogga gjerdestaur gratis i prestegardskogen, og arbeidet skulle gjerast p\u00e5 dugnad. H\u00e5kon Landro fekk i oppdrag \u00e5 pl\u00f8ya og fresa ny jord, og kalk vart tinga gjennom Lions. Gj\u00f8dsling m\u00e5tte kvar og ein ta seg av sj\u00f8lve.<\/p>\n<p>Til gjerdestaur-dugnaden hadde Arvid Lok\u00f8y med seg motorsag, s\u00e5 ein fekk felt, kvista og drege p\u00e5 plass nesten 70 gjerdestaur, og seinare 15 til.<\/p>\n<p>22.mai var det ferdig gjerde kring heile \u00e5keren.<\/p>\n<p>No hadde 13 familiar kvar sin \u00e5kerlapp der dei kunne dyrka kva dei ville. For ei lukke!!<\/p>\n<p><strong>1977, eit gull\u00e5r for kollektivet.<\/strong><\/p>\n<p>I starten av \u00e5ret vart det sendt ut invitasjon til fleire til \u00e5 bli parsell-eigarar. V\u00e5ren 77 var mange nye blitt medlemer: Tennebekk, Aarset, Molvik, Glesnes, T.Rong, K. Madsen, Dyngeland, Ved\u00e5, Gunnarsen, Lidal, Klepsvik, Henriksen, Reuter, Flygansv\u00e6r, Kristoffersen, Berge og Presteg\u00e5rd.<\/p>\n<p>Gunnar Tellnes fekk i oppdrag \u00e5 fresa opp ytterlegare 1400 m2 jord. Framleis var det gjerne poteter som var mest popul\u00e6rt, og det vart kj\u00f8pt inn 300 kg settepoteter gjennom Gartnerhallen. Men no var det fleire som satsa p\u00e5 gr\u00f8nnsaker av alle slag, s\u00e6rleg k\u00e5l. Willy Klepsvik leigde ut jordfresar for kr. 75 pr. dag. Den durte og gjekk, kveld etter kveld.<\/p>\n<p>\u00c5rsm\u00f8tet den v\u00e5ren var i friluft,-ute p\u00e5 \u00e5keren. Der valde forsamlinga Bernhard Flygt til formann medan kasserar Tor Taule tok attval.<\/p>\n<p><strong>Ein m\u00f8teplass for store og sm\u00e5.<\/strong><\/p>\n<p>Kva som var motivet for all denne jorddyrkinga er uvisst. Nokon ville sikkert spare pengar, for gr\u00f8nnsaker var dyrt. Andre hadde nok \u00f8nskje om \u00e5 bli kjend med dei nye naboane sine. Ein ting er sikkert: Arbeidet der opp p\u00e5 \u00e5kerlappane var til stor fryd for ungane, og til glede og nytte for dei vaksne. Der tok ein opp utfordringar i tida,- og det kom framlegg til gode l\u00f8ysingar. Kanskje det var der ein lufta tankar om \u00e5 byggje barnehage i den gamle prestegardsl\u00f8a? Var det der Kari Nilson kom p\u00e5 ideen om \u00e5 byggja om gamleskulen til grendahus? Ein ting er sikkert: Det var stort sett den same potetgjengen som dette gull\u00e5ret stifta Klokkarvik B\u00e5tlag. No var mange klare for matauk p\u00e5 sj\u00f8en og.<\/p>\n<p><strong>Flaum og kj\u00f8p av jordfresar.<\/strong><\/p>\n<p>Truleg regna det mykje den sommaren, for vatnet stod h\u00f8gt i \u00e5keren. Det vart eit d\u00e5rleg \u00e5r for potetene, &#8211; dei vart om lag s\u00e5 store som erter. K\u00e5len klarte seg betre utover hausten. Vi hadde s\u00e5 mykje k\u00e5l at vi ikkje visste v\u00e5r arme r\u00e5d kva vi skulle gjere med alt. S\u00e5 vi delte ut til slekt og vener. Slikt vert ein ikkje rik av.<\/p>\n<p>No viste det seg at hjorten ogs\u00e5 likar k\u00e5l. Styret hadde kj\u00f8pt inn ekstra hesjestreng for \u00e5 hindra at dyra hoppa over, men til inga nytte. Eg er sikker p\u00e5 at ryktet spreidde seg i heile skogen at her er det snaddermat for hjortedyr, for neste \u00e5r vart eit katastrofe\u00e5r for jorddyrkarane.<\/p>\n<p><strong>Hjort<\/strong><\/p>\n<p>1979 er siste \u00e5ret det vart skrive protokoll. \u00c5ret etter sette dei fleste poteter som vanleg, og dei planta k\u00e5l. Men hjorten viste seg tidleg. Derfor gjekk folk i gang \u00e5 lage gjerdet h\u00f8gare, og dei fekk tak i gammal not som dei strekte ut s\u00e5 h\u00f8gt ein kunne. No kom ikkje hjorten inn, men dei pr\u00f8vde etter beste evne \u00e5 lage hol i gjerdet. Det klarte dei fleire gonger. I min jordlapp grov dei opp kvar einaste potet, og \u00e5t kvart einaste k\u00e5lhovud.<\/p>\n<p>Ein kveld p\u00e5 seinsommaren var det ein flott kronhjort som hadde vikla geviret sitt inn i nota og stod bom fast. Det var eit trist syn. . Der og d\u00e5 s\u00e5g dei fleste av oss at det var ur\u00e5d \u00e5 ta opp kampen mot hjorten. 1980 vart det siste \u00e5ret med skikkeleg drift av kollektivet.<\/p>\n<p>Den hausten gjorde eg krav p\u00e5 min del av haustjakta. Eg meinte at eg hadde fora dyra opp med dyrkj\u00f8pte settepoteter og gr\u00f8nsaker. Bare det siste \u00e5ret brukte kollektivet 46 sekkar med h\u00f8nsegj\u00f8dsel fr\u00e5 Felleskj\u00f8pet,- til inga nytte. Krava vann ikkje fram!<\/p>\n<p><strong>Kollektivet vart oppl\u00f8yst.<\/strong><\/p>\n<p>Eg gav opp min parsell, og mange med meg. Men fleire ivrige sjelar dyrka poteter og gr\u00f8nsaker ei tid til. Kollektivet var likevel ikkje mislukka. Alle naboane var med, og samarbeids\u00e5nda fr\u00e5 den gongen har vart ved heilt til no! Det er kjekkare \u00e5 arbeide saman enn \u00e5 kava kvar for seg.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>D\u00c5 DET VAR KOLLEKTIVBRUK P\u00c5 KLOKKARVIK. Jarle S\u00e6lensminde. \u201dKatt og kaniner og en eng med l\u00f8vetann\u201d. Tidleg p\u00e5 syttitalet var det stor tilflytting til Klokkarvik &hellip; <\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":90,"menu_order":13,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"class_list":["post-214","page","type-page","status-publish","hentry"],"publishpress_future_action":{"enabled":false,"date":"2026-06-02 12:46:30","action":"change-status","newStatus":"draft","terms":[],"taxonomy":"","extraData":[]},"publishpress_future_workflow_manual_trigger":{"enabledWorkflows":[]},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/214","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=214"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/214\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":219,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/214\/revisions\/219"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/90"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=214"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}