{"id":121,"date":"2015-06-04T21:51:00","date_gmt":"2015-06-04T19:51:00","guid":{"rendered":"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/?page_id=121"},"modified":"2023-11-08T12:20:32","modified_gmt":"2023-11-08T11:20:32","slug":"elektrisiteten","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/?page_id=121","title":{"rendered":"Elektrisiteten"},"content":{"rendered":"<h2><strong>Mykje lys og mykje varme&#8230;<\/strong><\/h2>\n<p>Tekst og illustrasjoner: Jarle S\u00e6lensminde<\/p>\n<p>Fram til 1949 var det nesten ingen som hadde elektrisk lys eller varme i heimane sine her i Sund. Ein nytta parafinlampar for \u00e5 f\u00e5 nok lys, og ein fyrte med ved eller torv for \u00e5 f\u00e5 varme. Torv var nok det vanlegaste her ute ved havet, for f\u00f8r var her lite skog.<br \/>\nElektrisiteten kom f\u00f8rst til byane, rundt \u00e5r 1900. Men interessa for \u00e5 f\u00e5 til el-forsyning kom ogs\u00e5 til Sund etterkvart.<br \/>\nI 1914 gjorde heradstyret framlegg om \u00e5 f\u00e5 heim ein ingeni\u00f8r for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 vassdrag som kunne egna seg til elektrisk kraftverk. \u00a0Mellom dei var Skogsvatnet, Dommedalsvatnet og Lensmannsvatnet. \u00a0Rapporten hans var ikkje oppl\u00f8ftande. \u00a0Der var nok for lite vatn og fallh\u00f8gde om det skulle verta meire kraft enn berre til lys.<\/p>\n<p>Fleire kommunar gjekk etterkvart saman for \u00e5 f\u00e5 til utbygging i Bergsdalsvassdraget, men det vart frykteleg dyrt. \u00a0Sund m\u00e5tte trekkje seg,- dette hadde ein ikkje r\u00e5d til.<\/p>\n<figure id=\"attachment_122\" aria-describedby=\"caption-attachment-122\" style=\"width: 350px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/kraftverket.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-122\" src=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/kraftverket.jpg\" alt=\"Kraftverket i M\u00f8rkelia. Tegning: Jarle S\u00e6lensminde\" width=\"350\" height=\"437\" srcset=\"https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/kraftverket.jpg 350w, https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/kraftverket-240x300.jpg 240w\" sizes=\"auto, (max-width: 350px) 100vw, 350px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-122\" class=\"wp-caption-text\">Kraftverket i M\u00f8rkelia. Tegning: Jarle S\u00e6lensminde<\/figcaption><\/figure>\n<p>Etterkvart fekk ein likevel til eit \u201delektrisitetsfond\u201d, som vaks sm\u00e5tt om senn.\u00a0Etter krigen var dette grunnlaget for \u00e5 f\u00e5 vere med i BKK og starte utbygginga av eit el-nett i Sund. I perioden 1947 til 50 vart det bygd liner til alle bygdene i kommunen,og forbruket auka raskt.<br \/>\nFor nokon hadde det vore lenge \u00e5 venta p\u00e5 dei nye tidene.\u00a0B\u00e5de p\u00e5 Glesv\u00e6r og D\u00f8sjerholmen hadde dei sm\u00e5 motoranlegg, og p\u00e5 Golta var det eit vindm\u00f8lleanlegg. \u00a0L\u00e6rar Grimstad, som elles var formann i utbyggingsnemnda for elektrisiteten, hadde sj\u00f8lv eit privat vindm\u00f8lleanlegg.<br \/>\nHer p\u00e5 Klokkarvik bygde dei seg eit lite kraftverk fr\u00e5 Sundsvatnet og Lensmannsvatnet. \u00a0Det var i full drift fr\u00e5 1934 og var p\u00e5 12 KW. \u00a0Lensmann A.L. Vassenden gjekk i spissen for dette.<br \/>\nF\u00f8rst kom demningen i Sundsvatnet. \u00a0Ein oppdaga fort at her ikkje var nok vatn til skikkeleg drift. \u00a0Difor gjekk ein i gang med \u00e5 demme i opp Lensmannsvatnet ogs\u00e5, \u00a0for s\u00e5 \u00e5 f\u00f8re vatnet derifr\u00e5 over til Sundsvatnet.<br \/>\nOlav St\u00f8len (f. 1920) var med \u00e5 byggje dette kraftverket. Her fortel han noko av det han opplevde:<\/p>\n<h3><strong>Olav St\u00f8len fortel.<\/strong><\/h3>\n<p>I tida f\u00f8r eg var konfirmert, hadde eg stundom arbeid hos lensmannVassenden. Han hadde ein jordb\u00e6r\u00e5ker der eg luka ugras.<br \/>\nDet \u00e5ret eg gjekk for presten, kom han til meg og spurde om eg ville ha arbeid med \u00e5 hjelpe dei som murte demning i Lensmannsvatnet. \u00a0Eg skulle f\u00e5 god l\u00f8n,- 60 \u00f8re timen! Det var skikkeleg betaling i den tida, s\u00e5 eg slo til. \u00a0Eg starta arbeidet ein flott v\u00e5rdag i 1935.<br \/>\nD\u00e5 var kraftverket ved Sundsvatnet alt i drift. \u00a0Det fungerte bra n\u00e5r det var mykje regn. \u00a0Men sj\u00f8lv etter kort t\u00f8rkeperiode, vart det for lite vatn.<br \/>\nFr\u00e5 Lensmannsvatnet renn vatnet i Aurebekken ned s\u00f8r for Laksen. \u00a0No tenkte ein seg \u00e5 demma opp, og \u00a0laga ny renne til Sundsvatnet i staden.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<figure id=\"attachment_125\" aria-describedby=\"caption-attachment-125\" style=\"width: 350px\" class=\"wp-caption alignright\"><a href=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/ola-stlen.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-125\" src=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/ola-stlen.jpg\" alt=\"Ola St\u00f8len. Tegning: Jarle S\u00e6lensminde\" width=\"350\" height=\"279\" srcset=\"https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/ola-stlen.jpg 350w, https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/ola-stlen-300x239.jpg 300w\" sizes=\"auto, (max-width: 350px) 100vw, 350px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-125\" class=\"wp-caption-text\">Ola St\u00f8len. Tegning: Jarle S\u00e6lensminde<\/figcaption><\/figure>\n<p>Mi oppg\u00e5ve var \u00e5 bera sement opp til enden av Lensmannsvatnet.<br \/>\nTo karar var hyra inn for \u00e5 mura stemmegarden. \u00a0Det var Ragnvald i Laksen og Hans Stordal, begge var kjende for \u00e5 vera flinke til \u00e5 mura. \u00a0Stein fann dei i n\u00e6rleiken, i ei ur der det framleis er mykje att. \u00a0For \u00e5 f\u00e5 steinen fram og p\u00e5 plass, brukte dei stubbebrytar. \u00a0Mange av steinane var skikkeleg store.<br \/>\nSementen kom med b\u00e5t til kaien ved Bakarsj\u00f8en. \u00a0Derfr\u00e5 skulle sekkane berast opp Bessadalen, forbi Sundsvatnet og opp til murarane. \u00a0Det er temmeleg langt.<br \/>\nEg var sterk den gongen, s\u00e5 eg kvidde meg ikkje.<br \/>\nDet var ikkje f\u00f8rste gongen eg hadde hatt tungt arbeid. \u00a0Alt d\u00e5 eg var 13 fekk eg min f\u00f8rste murarjobb saman med onkelen min. \u00a0Vi skulle lage grunnmur til ei hytte. \u00a0Onkel hadde avtala fast betaling,- 500 kr. \u00a0Vi arbeidde hardt og effektivt. \u00a0D\u00e5 vi var ferdige, rekna vi ut at vi hadde klart ei timel\u00f8n p\u00e5 83 \u00f8re. \u00a0Det var kjempebetaling, s\u00e5 eg fekk beskjed om ikkje \u00e5 seie det til nokon. \u00a0Dei kunne tru vi hadde vore gr\u00e5dige.<\/p>\n<p>Men sementsekkane var frykteleg tunge, 56 \u00bc kg! For \u00e5 forst\u00e5 kor tungt dette er, kan du pr\u00f8ve \u00e5 bere ei vaksen dame p\u00e5 ryggen den same strekninga.<br \/>\nEg hadde knapt sett sement f\u00f8r, og visste ikkje \u00a0heilt kva eg skulle gjere. \u00a0Etterkvart fann eg eit tau som eg tok rundt sekken. \u00a0Slik klarte eg \u00e5 halde den p\u00e5 ryggen. \u00a0Jammen vart eg sveitt! \u00a0Og pausar m\u00e5tte eg ta.<br \/>\nSlik bar eg sement og sand i tre dagar. \u00a0D\u00e5 s\u00e5g dei to murarane at dei m\u00e5tte ha meir berehjelp. \u00a0Ein mann til vart hyra inn. \u00a0Denne mannen hadde eigentleg sett kor eg sleit p\u00e5 dei tunge sekkane, for han budde like ved. \u00a0No sa han til meg: \u201dDu Olav, du m\u00e5 ikkje ta heile sekkar!\u201d<br \/>\nFr\u00e5 d\u00e5 av delte vi sekkane i to. \u00a0D\u00e5 gjekk det greiare \u00e5 bere.<br \/>\nLitt og litt vart demningen ferdig. \u00a0Den har mur p\u00e5 begge sider. \u00a0Inni midten er det hardstampa jord og stein, slik at demningen skulle vere tett. \u00a0I botnen er det ei luke til \u00e5 sleppe vatnet ut. \u00a0Det er st\u00f8ypt ei renne over toppen, slik at det rann over der om det vart fullt.<br \/>\nMurarane sparde mykje p\u00e5 sementen. \u00a0Den var dyr. \u00a0Stein, jord og arbeidskraft var billigare.<br \/>\nI myra litt lengre nede, la dei stein og torv tvers over Aurebekken. \u00a0Slik fekk dei vatnet til \u00e5 renna ned i Sundsvatnet i staden.<br \/>\nMen her gjorde dei nok ikkje skikkeleg arbeid. \u00a0Om dei slapp mykje vatn nedover, for b\u00e5de stein og torv avgarde feil veg.<br \/>\nDet var bare seks familiar som fekk straum fr\u00e5 verket. \u00a0Prosjektet var dyrt, s\u00e5 det var nok dei med pengar som kunne vere med p\u00e5 det.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<figure id=\"attachment_123\" aria-describedby=\"caption-attachment-123\" style=\"width: 368px\" class=\"wp-caption alignright\"><a href=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/demning-lennsmannsvatnet.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\" wp-image-123\" src=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/demning-lennsmannsvatnet.jpg\" alt=\"Demning ved Lensmannsvatnet. Foto: Tore Bj\u00f8rn Viks\u00f8y\" width=\"368\" height=\"491\" srcset=\"https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/demning-lennsmannsvatnet.jpg 600w, https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/demning-lennsmannsvatnet-225x300.jpg 225w\" sizes=\"auto, (max-width: 368px) 100vw, 368px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-123\" class=\"wp-caption-text\">Demning ved Lensmannsvatnet. Foto: Tore Bj\u00f8rn Viks\u00f8y<\/figcaption><\/figure>\n<p>S\u00e5 vidt eg veit var det desse som var medeigarar: \u00a0Olsen (Som dreiv handel i Bakarsj\u00f8en), doktoren (som eg trur heitte Haikes og var fr\u00e5 Polen, presten (Juvik), lensmann Vassenden og butikkeigar Ingebriktsen som hadde forretning ved fergekaien. \u00a0Eg er usikker p\u00e5 om ogs\u00e5 l\u00e6rar Skodvin var med.<br \/>\nDei hadde sikkert ikkje til anna enn lys. \u00a0N\u00e5r det var t\u00f8rkeperiodar, m\u00e5tte dei rasjonere.<br \/>\nKristen B\u00f8, som var paktar p\u00e5 prestegarden, passa p\u00e5 kraftverket og gjorde vedlikehald. \u00a0Minka det p\u00e5 vatnet, m\u00e5tte han gje beskjed om rasjonering.<br \/>\nEtterkvart som forbruket auka, sank gjerne spenninga. \u00a0Eg trur ikkje dei alltid hadde betre lys enn vi som brukte parafinlampe.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lve kraftverksbygningen var murt i stein. \u00a0Eg trur det var Ragnvald og Hans som bygde det ogs\u00e5. \u00a0Det l\u00e5g der vegen no g\u00e5r,- like nedanfor Liavegen. \u00a0Dei reiv det d\u00e5 fylkesvegen kom. \u00a0Restene etter tre-r\u00f8yret kan ein framleis sj\u00e5. \u00a0Det hadde ein diameter p\u00e5 omlag 40 cm, og var laga av tre-stavar. \u00a0Mellom kvart jarnband var det 13 cm.<br \/>\nEtter mitt syn var ikkje kraftverket s\u00e6rleg vellukka. \u00a0Det var for lite vatn og for lite fallh\u00f8gde.<\/p>\n<figure id=\"attachment_127\" aria-describedby=\"caption-attachment-127\" style=\"width: 600px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/lennsmannsvatnet.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-127\" src=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/lennsmannsvatnet.jpg\" alt=\"Parti fr\u00e5 Lensmannsvatnet. Foto: Tore Bj\u00f8rn Viks\u00f8y\" width=\"600\" height=\"450\" srcset=\"https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/lennsmannsvatnet.jpg 600w, https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/lennsmannsvatnet-300x225.jpg 300w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-127\" class=\"wp-caption-text\">Parti fr\u00e5 Lensmannsvatnet. Foto: Tore Bj\u00f8rn Viks\u00f8y<\/figcaption><\/figure>\n<h3><strong>Olav St\u00f8len budde p\u00e5 garden St\u00f8len ved Sundsvatnet. Han fortel litt om livet der:<\/strong><\/h3>\n<p>Gardsbruka her ute var ikkje til \u00e5 leva av. \u00a0Far m\u00e5tte ha arbeid i Bergen i tillegg. Det gjekk ikkje \u00e5 reisa til arbeid kvar dag, s\u00e5 han var vekke heile veka. \u00a0Om laurdagen kom han heim med ruteb\u00e5ten og reiste att s\u00f8ndag ettermiddag.<\/p>\n<p>Mor m\u00e5tte gjere det meste av arbeidet p\u00e5 garden. \u00a0Eg m\u00e5tte sj\u00f8lvsagt hjelpe til.<br \/>\nD\u00e5 eg var 10 \u00e5r, fekk i oppg\u00e5ve lage gr\u00f8fter i myra. \u00a0Det er der som fylkesvegen i dag g\u00e5r,- p\u00e5 begge sider av den. \u00a0Det var tungt arbeid. \u00a0N\u00e5r gr\u00f8ftinga var ferdig, kom formannen i jordstyret for \u00e5 sj\u00e5. \u00a0Han m\u00e5lte opp gr\u00f8ftene mine,- kor lange dei var og om dei var breie og djupe nok. \u00a0S\u00e5 rekna han ut kor mykje vi skulle f\u00e5 i tilskott. \u00a0Den gongen var det viktig \u00e5 f\u00e5 til nydyrking i landet v\u00e5rt.<br \/>\nVi hadde 4 kyr p\u00e5 det vesle bruket. \u00a0Det var sj\u00f8lvsagt i meste laget. \u00a0Ut p\u00e5 v\u00e5ren gjekk vi stundom tom for h\u00f8y. \u00a0D\u00e5 m\u00e5tte vi kj\u00f8pe fr\u00e5 byen. \u00a0Det kom i store, hardpakka h\u00f8yballar som vog 83 kg.<br \/>\nF\u00f8rste gongen eg skulle bere ein slik opp Bessadalen og heim, klypte eg over strengane og ville ta del for del. \u00a0Men d\u00e5 eg gjorde det, vart det eit salig rot. \u00a0T\u00f8rrh\u00f8yet delte seg utover og var vanskeleg \u00e5 bere.<br \/>\nEtterkvart fann eg ut at eg ville bere heile h\u00f8yballen i eitt. \u00a0For \u00e5 f\u00e5 det til, m\u00e5tte den liggje p\u00e5 tvers p\u00e5 ryggen.<br \/>\nDen gongen var det mykje busk og kratt opp Bessadalen. H\u00f8yballen rende seg borti heile tida. \u00a0Det var eit blodslit. Men eg klarte det, og var mektig stolt.<\/p>\n<figure id=\"attachment_128\" aria-describedby=\"caption-attachment-128\" style=\"width: 600px\" class=\"wp-caption alignright\"><a href=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/sundsvatnet.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-128\" src=\"http:\/\/klokkarvik.norplex.demo1.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/sundsvatnet.jpg\" alt=\"Parti fr\u00e5 Sundsvatnet ved St\u00f8len. Foto: Kristin B Viks\u00f8y\" width=\"600\" height=\"400\" srcset=\"https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/sundsvatnet.jpg 600w, https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/sundsvatnet-300x200.jpg 300w, https:\/\/www.klokkarvik.no\/wp-content\/uploads\/2015\/06\/sundsvatnet-272x182.jpg 272w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-128\" class=\"wp-caption-text\">Parti fr\u00e5 Sundsvatnet ved St\u00f8len. Foto: Kristin B Viks\u00f8y<\/figcaption><\/figure>\n<p>I fritida gjekk eg ofte opp og langs etter elva fr\u00e5 Sundsvatnet. \u00a0Vi s\u00e5g etter aure. \u00a0Det gjekk stor sj\u00f8aure opp der. \u00a0Den kunne vi fiska, eller helst fanga med h\u00e5v eller med hendene. \u00a0Heilt oppe ved vatnet var der ein kulp der dei henta vatn i t\u00f8rre periodar. \u00a0Ein kveld eg gjekk oppover, h\u00f8yrde eg plasking oppe i kulpen. \u00a0Vel framme s\u00e5g eg det var to store sj\u00f8aurer som gytte.<br \/>\nD\u00e5 kraftverket kom, forsvann sj\u00f8auren. \u00a0Der var ikkje nok vatn att i bekken.\u00a0Det var frykteleg trist.<br \/>\nFar ville at vi skulle selje garden og flytte til byen. \u00a0Det var for tungvindt \u00e5 leve slik. \u00a0 Mor ville gjerne vere med til byen, men ho ville ikkje selje garden. \u00a0Ho var for sterkt knytta til garden og bygda.<br \/>\nDet vart til at vi fekk sett opp det huset der eg no bur. \u00a0Slik kunne vi reise \u201dheim\u201d i helg og fritid.<br \/>\nHans Stordal (Hans i dalen) , muraren, fekk seinare tomt av far like bortafor her.<br \/>\nKona hans var krank og kjende seg isolert og einsam i Stordalen n\u00e5r mannen var vekke p\u00e5 arbeid heile veka.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Mykje lys og mykje varme&#8230; Tekst og illustrasjoner: Jarle S\u00e6lensminde Fram til 1949 var det nesten ingen som hadde elektrisk lys eller varme i heimane &hellip; <\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":90,"menu_order":3,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"class_list":["post-121","page","type-page","status-publish","hentry"],"publishpress_future_action":{"enabled":false,"date":"2026-06-29 17:53:55","action":"change-status","newStatus":"draft","terms":[],"taxonomy":"","extraData":[]},"publishpress_future_workflow_manual_trigger":{"enabledWorkflows":[]},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/121","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=121"}],"version-history":[{"count":14,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/121\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1500,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/121\/revisions\/1500"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/90"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.klokkarvik.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=121"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}