Det skjer i bygda!

DET SKJER MYKJE I BYGDA VÅR!

1. Grendahuset har fått ny farge i tak og veggar inne etter stor dugnadsinnsats.

2. Båtlaget sitt klubbhus er pussa opp. Der har det vore «Suppe og sang» fleire gongar i vinter/vår. Mykje dugnad. Vi fekk og opp « bokbua» der.

3. «Suppe og sang» har og vore i Sjøaktivitetsenteret. Der har dugnadsgjengen møtt på torsdager, og no laurdag støyper dei fundament for kran. Framover vert det sjøaktiviteter.

4. Fotballbana «Prestikken» er i god stand. Rune med fleire slår gras og reparerer skade.

5. Lavvoen som blei bygd for barnehagen. Den er no oppgradert av ivrig dugnadsgjeng. Dei har fått inn eldstad, Gol og benkar. Der er lagt inn lys, og materialene er nybeisa. Uteområdet er oppgradert. Fantastisk jobb!

6. Nye turstier er laga med klopper og overraskingar undervegs. Det er Berit ig Terje som har hatt ansvar for dette, men mange har vore med.

7. «Kyrkjeparken» utviklar seg heile tida. Det starta med rydding av ake/ skibakken. Den blei mykje brukt i vinter. Sidan har kyrkjebåten frå Lerøy fått plass der, og det skal reisas tak over den. Materialar er på plass. Benkar, bord og leikar for ungar er og på plass.

8. Og mange jobber dugnad med å ta ansvar for sport og fritidsaktivitetar. HURRA FOR ALLE !