Levande Bygd 2 -av Jarle Sælensminde

LEVANDE BYGD 2.

Dette er ein plan for i hovudsak gamle Sund skulekrins.  Den kjem etter initiativ frå representantar frå Klokkarvik Grendalag, Sund Kystlag og Klokkarvik båtlag og har vore open for innspel frå bygdefolk elles på lokale nettsider.  Folk som har kome med innspel, er inviterte til samtalar. Planen vert stadfesta på folkemøte på slutten av 2022.

LITT HISTORIE – Eit tilbakeblikk.

På 70-talet var det stor tilflytting til bygda vår. Dei første byggefelta i kommunen kom på eigedomen til prestegarden. Unge familiar kom til ei bygd utan barnehage, og til ein liten (men ny) fådelt skule. Lite var tilrettelagd for barn og unge. Så familiane såg at dei måtte ta eit tak for felleskapet. Dei organiserte raskt ein «kolonihage» på prestegarden der dei fleste var med. Såleis blei det ein stad der gode idear kom fram under arbeidsøktene. Husmorlaget fekk i stand korttidsbarnehage i gamleskulen (dugnad) og dreiv den også ei tid etter den første kommunale barnehagen i kommunen starta opp i «prestaløo». Den var då ombygd til kyrkjelydshus og barnehage,- på dugnad. Mange ville gjerne ha båtplass, og i 1977 blei Klokkarvik Båtlag stifta. Moloen, båtplassane, slippen og klubbhuset er sidan bygd på dugnad og finansiert av medlemmene. Om lag 1990 var elevtalet på skulen blitt 120. Gym-salen var knøtt-liten, og det var ikkje plass til både foreldre og barn ved arrangement. Foreldra bygde då nye garderobar og dusjrom på dugnad. Det var ikkje forsamlingslokale/ungdomshus i bygda, så Klokkarvik Grendalag blei stifta særleg for å få løysing på det.

I 1992 kom planen «Levande Bygd». Den blei utarbeidd av Klokkarvik grendalag i samarbeid med foreldre, elevar og lærarar ved Sund skule. Dei viktigaste måla var:

  1. Bygging av grendahus.

Bygda samla seg om å bygge grendahuset som utviding av gym-salen på Sund skule. Det blei ei sambruksløysing etter modell frå Telavågen: Gymsal på dagtid, og samfunnshus på kveldstid. Det løyste problem for begge, og Sund kommune kom billeg frå det, i hovudsak folkefinansierte dugnadsprosjektet. I år 2000 var bygget ferdig. No kunne elevane ha teater og musikkspel-oppsettingar årleg, og invitera foreldra og andre bygdefolk i tillegg. Grendahuset fekk kjøkken, og bygda hadde fått eit tenleg lokale til mange typar arrangement for alle aldersgrupper.  Mykje av kulturskulen sitt arbeid i kommunen gjekk føre seg her. På dugnad fekk grendalaget bygd ballbinge på skuleplassen.

  1. Opparbeide ein betre ballplass, grasbane for fotball.

«Prestikken» blei og bygd på dugnad.  Det er ein ballplass, grasbane som ligg sentralt mellom byggefelta og er lett og trafikk-trygt å nå for små og store. Gras-slått og vedlikehald vert gjort på dugnad. Det blei laga sykkelbane rundt ballplassen.

  1. «Mekke-verkstad.

Mekke-verkstaden» som sto i planen, blei i staden  Sjøaktivitetsenteret som Sund Kystlag fekk tomt til på prestegardsjorda på innsida av moloen. Båtlaget, som eigentleg var tiltenkt «mekkeverkstaden», meinte at barne og ungdomsaktivitetar var det mest praktisk at kystlaget tok seg av.  Senteret har verkstad, møterom, kjøkken. Der er plass for restaurering og naust for oselvarar. Kajakkar, segljoller og sup-board har dei for utlån. Senteret er i hovudsak ferdig. Det er finansiert med gåver og innsamla midlar, og alt er bygd på dugnad!.  Kystlaget arrangerer fisketurar for dei eldste i barnehagen, har aktivitetsdagar for skuleklassar og for barn og ungdom på fritida. Dei låner ut båtar og padleutstyr.

Sund kommunestyre slutta seg til «Levande bygd». Då forplikta dei seg til å støtte gjennomføringa etter beste evne.

SÅ «LEVANDE BYGD» -PLANEN ER REALISERT! DET ER VI VELDIG STOLTE AV !

Sidan for blei skulen nedlagd.  Det var sjølvsagt eit stort tap på mange måtar. No måtte ungane reisa lenger til fleire av fritidsaktivitetane. Foreldra i krinsen møttes ikkje lenger naturleg her til møte eller arrangement. Det gjekk ut over det lokale engasjementet i denne generasjonen. Men foreldra ville halde fram med å arrangere 17.mai-feiring her lokalt. Det er vi glade for!

Heldigvis fekk bygda behalde barnehagen, og den blei nybygd då «prestaløo» måtte rivast m.a. på grunn av sopp-problem.

Kommunen støtta  bygginga av det fine amfiet på skuleneset friområde ved båt-hamnen økonomisk. Initiativet kom frå båtlaget og kystlaget.

På dugnad fekk initiativtakarane også reist minnesmerket «Mina» som skal minne oss om hendingane her i Lerøyosen 9. april 1940 og i tida etterpå.  Historia er å finna på nettet og på skilt ved mina.

No i haust kom statuen av Johannes Kleppevik i amfiet. Slik kan Johannes vere med oss på konsertar og arrangement. Der har han utsikt til Osen der det alltid er små og store båtar, eller mot innsida av moloen der nausta og oselvarane ligg, og ungar boltrar seg med bryggefiske og øver seg å ro. Det trur vi «kystens trubadur» ville likt.

Bergen og Omland Friluftsråd fekk overta prestegardsskogen.  Dei laga då god grusa sti innover frå kyrkja (langs den gamle kyrkjestien frå Skogsvåg), og reiste gapahuk ned mot Sundsvatnet.  Barnehagen bygde Lavvo (med foreldredugnad) ved stien.

 DET ER FLOTT Å BU HER I KLOKKARVIK.

-Her går skipstrafikken tett innpå, for Lerøyosen er smal. I gamal tid heitte den «Grøningasund», eller «Sonde» på folkemunne. Det gav namnet til Sund kommune.

Store turistskip, danskebåten, lasteskip, hurtigbåtar eller snurparar hastar eller sig forbi. Snekker eller cabin-cruisarar er gjerne på veg inn mot holmar eller øyer innafor eller lengre sør. Og er veret greitt, så ligg småbåtane midt i leia og fiskar sei eller lyr. Ja stundom ser vi tett med seglbåtar i regatta gjennom «Sonde».

-Sundskogen, som prestegardskogen er ein del av, er unik i kommunen vår. Ingen andre bygder i kommunen vår har så vid og gamal furu- eller blandingsskog. Og dyrelivet er framleis rikt. Det går turstiar i alle retningar og her er fleire fiskevatn.

-Rundt Lerøy og Bjelkarøy kryr det av holmar, lune hamner og små avskjerma badevikar. Der er det eit yrande liv om sommaren.  Likevel kan du lett finna ein usjenert plass for deg sjøl,- om du absolutt vil. Om vinteren kan du trygt sette trollgarn her i sunda. Du kjem til dei også i dårleg ver.

Lerøyosen
Lerøyosen mellom Klokkarvik og Lerøyna. Kartutsnitt frå Gule Sider sjøkart.

– Om du er lynrask den fjerde dagen med kuldegrader, er truleg isen på Børnesvatnet trygg. Det er grunt og frys til fort!

– I bygda vår arbeider grendalaget, båtlaget og kystlaget aktivt for å skapa trivsel, aktivitetar og arrangement for små og store der er alle velkomne!  I den flotte kyrkja vår er det også mange arrangement og mykje aktivitet,- både i kyrkjerommet og i Kyrkjekjallaren.

SLIK KAN DU BIDRA TIL EI ENDÅ TRIVELEGARE BYGD:

  1. Bruk eit kvart høve til å framsnakke bygda vår.
  2. Hjelp til. Meld deg til teneste for dei som arrangerer. Om mange er med, vert meire gjort,- med mindre arbeid på kvar.
  3. Kom med innspel til planen vår og ver med å ta ansvar for gjennomføringa av det du eller familien din har mest interesse for.

 MÅL FOR «LEVANDE BYGD 2.»

Bustader.

Av forskjellige grunnar har det vore lite bustadbygging i Klokkarvik-området i mange år. Prestegarden har eigd mykje av jorda. Private grunneigarar har i liten grad hatt høve til å legge ut tomtar for sal, slik vi t.d. har sett det i Pollen krins eller på Kleppe.

Etterkvart har vi fått ein situasjon der ein altfor stor del av dei store elevkulla frå 70,80 og 90-talet måtte skaffe seg hus i andre bygder.

-No har bygda bruk for fleire eldrebustader som frigjer større einebustader for barnefamiliar. Omsorgsbustader treng ikkje sentraliserast. Folk vil gjerne bu vidare i si eiga bygd der dei har nettverk.  Eldrerådet sitt framlegg om eldrekollektiv i grendene sluttar vi oss til. Om slik bustadreising skal skje i offentleg eller privat regi, er ikkje det viktigaste.  Men det må vere bustader dei har råd til å flytte inn i.

Den gamle sjukeheimen ligg utruleg vakkert til, med flott utsikt mot Lerøyosen. Den er eigd av Telle tre a/s, men står no til nedfalls.  Det er trist å sjå.  Det kan vere eit alternativ for «eldrekollektivet».

-Bygda treng rimelege, enkle førstegangsbustader for unge som er i etableringsfasen.  Når familien aukar, vert det nok større hus å få kjøpt i nærleiken.  Dette er viktig for å få ein meir harmonisk fordeling på aldersgruppene. Mange einslege har og sagt at dei ønskjer seg eit lite hus. Blokkleiligheiter vert ofte altfor dyrt.

-Vi lever i ei usikker tid med stor folkeauke i verda, med krig i Europa og klimakrise på veg. Mange vil kjenne seg tryggare om dei har

høve til å dyrke mat på ein jordflekk og kan hauste litt av havet. Vi må skjerme dyrka mark for utbygging, men det kan vere gunstig å la folk bu nær jord som ligg brakk. Vi trur at mange vil leige ein jordlapp i kolonihage om den ligg nært bustaden.

-Bustadfeltet på «Hammersland-marka» har kommunen somla frykteleg med. No må dei ta ansvar, slik at bygginga kjem i gang.

Mål:  Å arbeida for å få bygd bustader for både unge og eldre. Vi trur at fleire vil ha mindre og rimelegare husvære i tida framover.

 Trafikk og kommunikasjon.

Fylkesvegen gjennom Klokkarvik sentrum må ordnast snarast. Vegen sto først på prioriteringslista like før kommunesamanslåinga. No veit ingen korleis stoda er. Dei to-tre hundre metrane er trafikkfarleg for bilistar, men særleg for gåande og syklande. Vegen skulle og ordna kloakk-leidningar som no går rett i sjøen innafor moloen. All trafikk på austsida av Sund, frå Forland, må forbi denne tronge passasjen.

Kommunplanen legg vekt på at folk skal kunna gå eller sykle til flest mulege av ærenda det treng. Her er er det uråd.

 Kystkultur.

Mange ønskjer seg båtplass. Her er fisk i sjøen, og elles treng ein båt for å ha glede av dei fine badeplassane i øyane. Men no er det altså venteliste i båthamnen. Nordrevågen er godt skjerma for nordavinden. Ein ny molo sør for Nordrekaien vil skjerme for sønnavinden.  Slik molo vil gjere kaien tryggare i dårleg ver og gje fleire båtplassar. Nordrekaien er privat eigd og er i aktiv bruk no.  Vi vil tru at dei utbyggarane som vil selge hus ser nytten i å vere med i finansieringa av båtplassar. Truleg vil båteigarar betale innskott på førehand om dei får tilbod om plass.

Sund kystlag har sjøaktivitetar for små og store. Tilkomsten frå moloen og langs land til båtane og senteret er no hindra av naboeigedomen. Då er det ikkje lett for t.d. barnehagen eller skuleelevar å nytta tilbodet.  Her bør kommunen hjelpe til for å få fri ferdsel, slik at arbeidet til laget ikkje vert hindra.

Det kommunale området nord for vegen ned til moloen ligg sentralt. Fleire har meint at denne tomta må utviklast.  Vi bør sette saman ei gruppe der båtlaget er representert. Gruppa bør skissere idear for kva tomta bør nyttast til.

Vi treng gode møteplassar.

I bygda vår har både båtlaget og kystlaget eige klubbhus.

Båtlaget sitt klubbhus vert nytta til eigne møte, men også til strikkeklubb som er for alle strikkeglade. I det nye amfiet kan ein få til konsertar eller stopp/start på historisk vandring. På plassen framfor er det årleg St. Hans-feiring som grendalaget har ansvar for i samarbeid med kystlag/båtlag. 17. mai-toget går nedom amfiet der dei får kortversjonen av hendingane i Lerøyosen ved krigsstart.

Kystlaget sitt hus, «Sjøaktivitetsenteret», vert nytta til eigne møte, men også til kurs eller «varmestove» når  barne og ungdomsskule-elevar har aktivitetsdagar her. Innimellom er det «kaffislabberas» for alle som vil treffe gode grannar for ein prat, om dei er medlemmer eller ikkje..

Grendalaget styrer grendahuset, som er i skulebygget. Laget har utlån til  åremålsdagar, barneselskap og meire, og organiserer quiz- kveldar, 17. mai-feiring, basar og julemesse, lutefisk-gilde og mykje meir.

I kyrkja vår er det også mykje som skjer. Der er det to barnekor, prosjetkor ved ulike høve, konfirmantarbeid, ungdomsklubb, strikkekafe, myldredag (for heile storfamilien) og eldretreff på dagtid. I tillegg er kyrkjerommet eit flott konsertlokale, og kyrkjekjellaren vert nytta til basarar, foredrag, julemesse og frivilligfest. Og sjølvsagt er der alle typer kyrkjelege handlingar.

Til planen har vi fått innspel om at ein saknar ein uavhengig/uformell møteplass ein kan stikke innom for ein kopp kaffi eller eit glas vin og god prat. Der ein kan møte grannar eller tilreisande utan at det er ein del av eit arrangement. Her kom det framlegg om det gamle telefonhuset ved den tidlegare butikken til Røysland, eller i skulehuset der det før var lærar-rom og kontor.

Mål:  Å utvikla dei møteplassane vi har og finna ut om vi kan få til noko som liknar på ein kafe eller kro.

 

 

Natur og friluftsliv.

Her i bygda vår ligg alt tilrette for god kontakt med naturen. Det er greitt å kome seg til  sjøen mange stader.  Dette bør merkast godt på kart og skilt for tilreisande og fastbuande. Vi bør utpeike ei kontaktgruppe for BOF (Bergen og omland friluftsråd). Ei slik gruppe kan få til  fleire tilrettelagde turstiar i skogen og mot sjø. Gruppa kan og bistå BOF i arbeidet med utviklinga av friområda på Bjelkarøy-Buarøy og Visterøy/Buarøy. Dei ønskjer å få til toalett og gapahuk i tilknytning til flytbryggje/bryggje og ønskjer at bygda skal ha eit visst tilsyn saman med andre. Det er naturleg å samarbeide med turlaget også.

Området ved «Prestikken» kan og gjerast meir spennande.  Kanskje kan ein etterkvart få plassert utandørs treningsapparatlangs sykkelstien der.  Slike solide apparat har vi sett andre stader.

 Mål: Vi bør få til ei gruppe interesserte som kan arbeide med disse sakene.

 Butikk i skulebygget.

Det bør vere grunnlag for daglegvarebutikk i bygda.  Vi var altfor lite flinke til å nytta nærbutikken då vi hadde den.  No dukkar det opp heildigitale butikkar fleire stader i landet.  Dei er ubetjente og er opne heile døgnet. Kanskje er dette ei løysing.  I skulebygget er første etasje meir enn stor nok til ein slik butikk.  Dette bør ein finne ut av, og gå i forhandlingar med firma som driftar slike.

I vår tid veks engasjementet for miljø,- og med det gjenbruk. Det dukkar opp gjenbruksbutikkar fleire stader. I skulebygget er det og plass til slik butikk for gjenbruk av klede, sportsutstyr, verktøy o.l.

Dersom klasseromma i andre etasje vert leigd ut til små kontorfirma, kan det tenkast at butikk(ar) kan driftast i kombinasjon.

Og endå er det då plass til eit par rom med treningsutstyr med heildigital drift.

Som tidlegare nemnt: Det gamle lærar-rommet er eit kjekt lunsj-rom/møterom m.m. med kjøkken.

 Mål: Grendalaget bør peike ut ei gruppe som har stil oppgåve å finne god bruk av det gamle skulehuset til nytte for bygda.

Kyrkja.

Ved fleire gravplassar er det no Minnelundar. Minnelunden ved Foldnes kyrkje er eit godt døme på korleis dette kan ordnast på ein god måte.  Der er store steintavler med god plass til tydelege namneskilt. Urneplass i framkant.

I vår tid bur ofte generasjonane langt frå kvarandre.  Ofte ser vi ustelte graver. Kistegraver tek stor plass. Mange tek no til orde for at minnelund er eit fint suplement til vanleg kistegrav. Vi bør arbeida for å få til slik minnelund også ved vår kyrkje.

 

Samarbeid om større arrangement.

Val av grendastyre.

 Vegen vidare.

Kommunikasjon/Miljø:

Kommuneplanen har som mål også å legge til rette for at folk flest skal ha gå -eller sykkelavstand til handel og fritidsaktivitetar. I den samanhengen er miljøomsyn framheva. Det er overmåte viktig at vi tenkjer miljø/klima i all planlegging, både lokalt og sentralt. Men det vi har registrert sidan vår forrige plan «Levande bygd» var ferdig, er at kommunal sentralisering av skular, idrettsanlegg, kulturtilbod og tilbod for eldre har ført til langt meir skyssing  både med buss og ikkje minst bil. Fylkesvegen gjennom Klokkarvik sentrum er dessutan farleg for syklistar og gåande. Biltrafikken frå mykje av det nye delsenterområdet på Forland og austover går her.

Vi er tvilande til miljøgevinsten ved å samle endå meir av tilbod «sentralt».  Det bør likevel vere eit mål å få til eit betre busstilbod for dei som i dag pendlar til arbeid i eigen bil.

Det bør og vere eit mål å få til betre kommunikasjon med kollektivskyss på Sotra-sida og fastlandssida for passasjerar med el-ferga til Hjellestad. Då er det færre som treng å ha med bil, noko som aukar kapasiteten på ferga.

Hurtigbåt som går til Flesland bør ha stopp på Klokkarvik. Det gjer det enkelt for folk på søre Sotra å kome til flyplassen. Vilkåret er at det er parkering eller busskorrespondanse. Vi må arbeida for å finna ei løysing for fleire parkeringsplassar for reisande med ferga.

Eldre som ikkje lenger rår med stort hus og hage, må ha sjanse til å få seg enklare bustad/omsorgsbustad i bygda der dei har sine vener, born, naboer, kjenningar. I dag vel nokon omsorgsbustad sentralt avdi det ikkje finst alternativ. Eldrerådet skriv: Vi veit at einsemnd fører med seg sjukdom og redusert livskvalitet. Det er mange eldre som ikkje nyttar seg av aktivitetstilbod og sosiale møteplassar. Eldrerådet tenkjer seg eldrekollektiv i grendene/bygdene der det er felles møteplass tett på. Slik vil fleire kjenne seg trygge og  trivast saman med folk dei kjenner. Det gjev truleg livskvalitet og mindre transportbehov. Truleg er det lettare å få god oppslutning frå dei eldre lokalt, og lettare å engasjere frivillige hjelparar.

 

Barn og unge:

Store skular har langt mindre sjanse til å ta i bruk sjøen, naturen, nærmiljøet lokalhistoria i undervisninga,- rett og slett fordi klassane/gruppene er for store. Slike opplegg krev at frivillige i bygda stiller opp med båtar, fiskereiskapar, lokalkunnskap om fiskeplassar, lokal natur og historie. Sund skule hadde natur, miljø og uteskule som eit viktig mål i undervisninga.

Sjøaktivitetsenteret prøver å formidle ein del av det same gjennom fisketurar med dei eldste barnehagebarna, roturar og fiske med skuleelevar både frå barne og ungdomsskulen, og ikkje minst formidling av lokalkunnskap/historie/artskunnskap. Alle skulane i gamle Sund kommune har nytta seg av tilbodet.  Det er eit mål å halde fram med, og utvikle dette vidare. Då må kommunen støtte opp om frivillig arbeid økonomisk, og støtte fri gangsti mellom Sjøaktivitetsenteret og båthamn.

Møteplassar.

Grendahuset har vore ein viktig møteplass i 20 år.  Skulebygget som grendahuset er ein del av, er i god stand framleis. På skuleplassen er det relativt nye leikeapparat.  Der er ballbinge som er mykje brukt. Med godt vedlikehald kan bygget kome bygdefolket til gode på mange måtar. Der er heis til andre etasje og det er fin utsikt til sjø og fjell. I det tidlegare lærarrommet er det kjøkken. Kanskje er det heller her «eldrekollektivet» kan plasserast? Det er truleg lettare å få til frivillighet i nærmiljøet enn i sentraliserte tilbod.  Skulebygget har uendeleg mange bruksmuligheiter, også for næringsverksemnd.  Bygget ligg sentralt, og vi må finne dei beste bruksområda i samarbeid med kommunen og gjerne utbyggarar. Kommunen må vere villig til å finne løysingar saman med bygda. Kommuneslagordet for Sund kommune var: «Vi finn løysingar i lag

3.VEGEN VIDARE:

Når planen er ferdig, vert den presentert og drøfta med representantar for dei politiske partia. Håpet er å så idear som vi vil finne att i partiprogramma.

Vi kan gjerne lage ein «Levande Bygd»-fest der vi lytter og motiverer.. Så kan vi lage planen lekker, med gode illustrerande fotos.  Vi må huske på at mange i «styre og stell» aldri har vore her eller er lite kjent med grenda vår.

Til slutt får kommunestyret planen. Dei får høve til å slutte seg til den. Innan den tid bør den vere så konkret som råd.

 

SÅ DET ER VIKTIG AT DU KJEM MED INNSPEL, KRITIKK ELLER POSITIV RESPONS.