Utsatt Årsmøte

Grendalaget informerer:

Årsmøtet i Grendalaget er utsatt til 2.mai grunna strengare korona-restriksjoner i Øygarden.

«Øygarden formannskap vedtok 19.03.2021 forskrift om førebygging av koronasmitte for Øygarden kommune gjeldande frå og med klokka 00.00 laurdag 20.03.2021.

Bakgrunn

Den raske smitteauken i landet, samt auka smittetal i Øygarden kommune med auka del av muterte koronavirus variantar krev skjerpa smitteverntiltak lokalt.

§ 1 Føremål

Forskrifta skal vera med å hindra eller avgrensa smitte av koronaviruset (SARS- CoV-2) gjennom tiltak som er tilpassa tilhøva.

§ 2 Verkeområde

Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i Øygarden kommune.

§ 3 Munnbind

I situasjonar i det offentleg rom der ein ikkje kan overhalda 1 meter avstand til andre enn dei ein bur saman med til vanleg, skal alle over 12 år nytta munnbind i følgjande situasjonar;

  • Kollektivtransport/taxi
  • Butikkar, kioskar og bensinstasjonar
  • Tilsette med ein til ein kundekontakt
  • Trus- og livssynshus
  • Besøkande ved sjukeheimar
  • Serveringsstader med unntak av når ein sit med sitt tilviste bord

Plikt til å bruka munnbind gjeld også tilsette ved desse stadene når andre smitteverntiltak som visir, skiljeveggar og liknande ikkje er mogleg.

§ 4 Tal personar som kan vera til stades på eit arrangement

  • Arrangement og private samkomer på offentleg stad eller i leigde/lånte lokale kan gjennomførast innandørs med inntil 10 personar (jf. covid-19-forskrifta § 13 første ledd bokstav a til e).
  • For innandørs idrettsarrangement for utøvar under 20 år som høyrer til idrettslag i same kommune er grensa 50 personar. 50 personar er også grensa for innandørs arrangement med faste tilviste plassar.
  • Arrangement utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 100 personar, likevel 300 personar der alle i publikum sit på faste tilviste plassar (jf. covid-19-forskrifta §13 første ledd bokstav a til e).
  • Ein viser også til nasjonale tilrådingar om at arrangement bør utsetjast eller avlysast om dei samlar personar frå fleire kommunar. Dette gjeld både innomhus og utomhus.
  • Du bør som hovudregel ikkje delta på arrangement i ein annan kommune. Dette gjeld ikkje ved gravferder.

§ 5 Ansvar

Øygarden kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som skulle følgja av pålagte tiltak etter denne forskrifta.

§ 6 Straff

Forsettleg eller grovt aktlaust brot på reglane i denne forskrifta eller vedtak gjeve med heimel i forskrifta er straffbart, jf. lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 8-1.

§ 7 Iverksetjing og varigheit

Forskrifta vert sett i verk 20. mars 2021 kl. 00:00 og gjeld til og med 18. april 2021 kl. 00:00.»